Bondeposten 1/2020

14 Hogst og planting 2019

Innmålt hogstvolum i Hjelmeland 2019 var totalt 16 000 kubikkmeter tømmer (ca 600 dekar hogstareal). Av dette var ca 12% (1900 kubikk) furu og lerk, medan resten var gran. Med eit jamt høgt hogstvolum i kommunen burde planteaktiviteten vore tilsvarande. I 2019 blei det bare planta 120 dekar i Hjelmeland kommune. Ut frå hogst- og planteaktivitet ca siste 10 åra er det eit etterslep på planteaktiviteten. Det vil vera nødvendig med mykje meir planting for å oppretthalde skogproduksjonen ein har i dag, der ein i prinsippet har ei avskoging i Hjelmeland.