11 IBU-midlar til bygging i tre
Innovasjon Norge har i 2020, 2021 og 2022 ei ordning med ekstra tilskot for bygg i tre for tradisjonelle landbruksproduksjonar for å stimulera til val av klima- og miljøvennlege byggematerialar.
Ordninga gjeld nytt areal i form av tilbygg eller nybygg. Tre må væra hovudmateriale i vegg og
takkonstruksjonar.
- Massivtre, laft, slepplaft eller bindingsreisverk i kombinasjon med takstolar, buar, åsar eller andre takløysingar i tre: Inntil 20 % ekstra tilskot avgrensa til kr. 400 000.
- Kombinasjon med andre byggemateriale der tre er hovudmaterialet: Inntil 10 % ekstra tilskot avgrensa til kr 200 000.
Innovasjon Norge vurdere grunnlaget for ekstra tilskot uavhengig av om det er søkt om det eller ikkje.
Det kan ikkje gis ekstra tilskot til bygg for produksjonar som er i strid med nasjonale føringar (for eksempel utviding eller nyetablering av svine- eller eggproduksjon) eller prosjekt som er så lågt prioritert i dei ulike fylka at dei ikkje kan oppnå ordinært investeringstilskot.
Detaljar for prioriteringar i Rogaland i 2020 har me ikkje fått ennå. På landsbasis er det sagt at ein prioriterer; frukt-, grønt- og veksthusnæringa, tørke-og lageranlegg i kornproduksjon, små og mellomstore bruk, mjølkeproduksjon med 15-30 kyr, økologiske produsentar som må gjere større investeringa som følgje av implementeringa av EU sitt økologiregelverk.
Har du spørsmål om IBU-midlar?
- Torborg Kleppa tlf. 404 39 123, rådgjevar jordbruk og næring
- Kari Sand tlf. 950 31 190, Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke