6 Kommunalt tilskot til nydyrking
Kommunen løyver også i 2020 kommunalt tilskot til nydyrking.
Formannskapet og kommunestyret har 20.02.19 vedteke retningslinjer for kommunalt tilskot til nydyrking. Ordninga vart vidareført i budsjettvedtaket for 2020.
Det er utarbeida elektronisk søknadsskjema som du skal bruke.
Brukar du dette skjemaet får kommunen dei opplysningane me treng for å kunne behandle søknaden. Budsjettrama for 2020 er kr 200 000,-.
Hjelmeland kommune har følgjande retningslinjer/vilkår for tilskotet:
- Søkar må ha fått godkjent plan for nydyrking før ein kan søkje om kommunalt tilskot til dyrking, eller ein kan søkje om begge delar samtidig.
- Ein må søke tilskot før nydyrkinga tek til.
- Arbeidsfristen er 3 år frå vedtak, eller tilsvarande fristen for gjennomføringa av dyrkinga.
- Produksjonen til søkar må vere så stor at søkar står i MVA-registeret.
- Ingen søknadsfrist, søknadane vert behandla fortløpande når dei kjem inn. Søkar får tilsendt melding om vedtak. Når tilskotspotten er tom, vert her ikkje gjort fleire vedtak.
- Ein kan ikkje søke tilskot til meir enn 20 da pr. år.
- Søkarar som har dyrkingsprosjekt som er større enn 20 da, kan bare søke tilskot til 20 da pr. år. Dersom ein vil søke tilskot til resten av feltet, må her sendast inn ny søknad året etter, og arbeidet med feltet utover 20 da må ikkje vere påbegynt før ein søker tilskot att.
- Tilskotet utgjer inntil kr 2 000,- pr. da ferdig dyrka areal, inntil 20 da pr. år.
- Det vert gitt tilskot til dyrking av areal til jordbruksproduksjon. (Det vert ikkje gitt tilskot til skogbruksproduksjon for eksempel juletre.)
- Det vert gitt tilskot til fulldyrking og overflatedyrking slik at arealet kan haustast maskinelt/rasjonelt, ikkje til areal som kunn kan nyttast som beite.
- Utbetaling av tilskotet kan gjerast når kommunen har godkjent ved synfaring at arealet er ferdig dyrka, og arealet er sett i produksjon; dvs. i desse tilfella at arealet er isådd eller planta.