15 Kommunikasjon og informasjonsskriv
Hjelmeland kommune sender ut «Bondepost» ca eit par gonger i året. Til no har me sendt pr. e-post til dei mottakarane som me har e-postadresse til, og pr post til resterande. Får du ikkje «Bondeposten» på e-post, men har ei e-postadresse du brukar, så gi beskjed til Anne Kari Skogerbø om denne adressa. Då får du fleire nyhende og påminningar, og det er enklare for kommunen å få gitt beskjedar fortløpande.
Facebook - Hjelmeland kommune - landbruk
Elles legg me ut meldingar om søknadsfristar, ulike ordningar, kurs, studieturar og anna på Facebooksida. Du kan gå inn og kikke på nyheiter her, sjølv om du ikkje er «medlem» på Facebook
til vanleg. Det er difor ei side som er open for alle.