Bondeposten 1/2020

8 Nedskalering av mjølkeproduksjon

Protokoll frå møte mellom staten og Norges Bondelag 16. oktober 2019

I jordbruksoppgjeret 2019 blei partane einige om å gjennomføra ein prosess for å utarbeida eit opplegg for korleis ein skal gjennomføra nedskaleringa av mjølkeproduksjonen. Partane vart einige om å gjennomføre nedskaleringa ved bruk av forholdstalet på disponibel kvote og oppkjøp av mjølkekvotar. Det var og einigheit om at produksjonsregionane sin del av grunnkvote skulle vidareførast om lag på dagens nivå. Partane er einige om å gjennomføre en midlertidig oppkjøpsordning med sikte på å kjøpe ut 40 mill. liter kvote. Resten av nedskaleringa skal gjennomførast med forholdstall for all disponibel kvote.

Kvoteåret 2020

  • Mjølkemarknaden vert regulert med forholdstal på disponibel kvote etter ordinær prosess.

Kvoteåret 2021

For kvoteåret 2021 er det etablert ein midlertidig oppkjøpsordning med sikte på å kjøpe ut 40 mill. liter kvote. Resterende behov for nedskalering tas gjennom forholdstalet på disponibel kvote og vedtatt i den ordinære kvotedrøftinga i november/desember 2020.

Midlertidig oppkjøpsordning 

  • Målet er å kjøpe opp 40 mill. liter fordelt ut frå produksjonsregionen sin del av grunnkvote, for å sikra stabilitet i regional fordeling av mjølkeproduksjonen.
  • Innmelding av sal skjer frå 2. januar 2020. I kvar region gjeld ordninga til regionen sitt fastsette oppkjøpsvolum er nådd, etter prinsippet "først til mølla".
  • Ordninga gjeld maksimalt til 31.mars 2020.

Pris på kvote selt til staten i ekstraordinær oppkjøpsrunde er for Rogaland kr 15,50 pr. liter.