Bondeposten 1/2020

9 Regulering av griseproduksjon

Landbruks- og matdepartementet har 17.10.19 fastsett reglar for kor mange avlspurker ein bonde som driv med gris kan slakta pr. år. Ei avlspurke har hatt minst eit kull med grisungar. Grensene gjeld i tillegg til den eksisterande reguleringa om maksimalt 105 innsette avlspurker til ei kvar tid.

Husdyrkonsesjonsloven

Lov om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen (husdyrkonsesjonsloven) er ein strukturlov der formålet er å legge til rette for spreiing av svine- og fjørfeproduksjonen på fleire einingar ved å regulera produksjonsomfanget hjå kvar enkelte produsent.

Produksjonsomfanget blir regulert anten ved å setje grenser for kor mange dyr som kan omsettast og slaktast pr. år (2100 slaktegriser), eller kor mange dyr produsenten kan ha innsett til ei kvar tid (105 purker).

Nå er det og innført grenser for tal utrangerte avlspurker.

Departementet har fastsett følgande grenser for tal utrangerte avlspurker pr. år, gjeldande frå 1. januar 2020:

  • Bruksbesetning: 150 avlspurker
  • Nav i purkering: 1010 avlspurker
  • Foredlingsbesetning: 438 avlspurker
  • Formeiringsbesetning: 220 avlspurker

Produsentar som dokumenterer eit høgare tal utrangerte avlspurker i 2017 eller 2018 vil få midlertidig konsesjon i fem år. Søknad om midlertidig konsesjon skal sendast via kommunen, og blir behandla av Fylkesmannen. I samband med søknad må ein opplysa om at ein har plass noko til produksjonen i bygningar på bruket, og har spreieareal nok.