4 Søknad om produksjonstilskot 2020
Neste søknadsomgang for produksjonstilskot er mars.
- 1. mars er teljedato
- 15. mars er søknadsfrist
- Det er tal dyr du skal søke om denne søknadsomgangen
OBS! Søknad om refusjon for avløysarutgifter 2020.
- Du kan søke refusjon når du søker i oktober.
- Dersom du har utgifter etter søknadsfrist 15. oktober, kan du etterregistrere dei tom 10. januar året etter.
Dette skjer IKKJE automatisk, verken om det er gjennom avløysarlaget eller om du sjølv har arbeidsgjevaransvar og du leverer A-melding mm. Du må sjølv inn og etterregistrere i din søknad om produksjonstilskot. Dersom du søker om å få refundert avløysarutgifter for «tenester kjøpt av andre føretak», hugs at faktura må vere spesifisert på kva som er arbeid og kva som er andre kostnadar!! For eksempel slått og rundballing, her må kostnadar delast på kva som er arbeid, og kva som er andre kostnader som maskin, ensileringsmiddel/plast mm. Ved saueklipping er det kostnad pr. sau utan mva du kan få refundert, ikkje kostnad med oppmøte eller liknande.