Bondeposten 1/2020

1 Utbetaling av produksjonstilskot og RMP 2019

Produksjonstilskot for 2019 blei utbetalt 19. februar. Du skal ha pengane på konto innan fredag 21. februar. Sjekk utbetalinga, og sjå om den stemmer med det du har søkt om! Tilskotssatsane er lik førebels sats for produksjonstilskot.

Har du for eksempel fått avgrensing i areal– og kulturlandskapstilskotet pga. at du selde lite fôr av 2018 avlinga, og dette skuldast avlingssvikt pga tørken i 2018? Då kan du klage på utbetalinga, og så må ein ta ei ny vurdering av søknaden.

Utbetaling av RMP skjer 12. mars. Utbetalingsbrevet kan bli sendt ut tidlegare, mellom 29.2 og 12.3, slik at du er kjent med kva utbetalinga blir! Sjekk utbetalinga her og. Kommunen har i samband med behandling kanskje målt meir bratt areal (tatt med alt areal innan det arealet søkar disponerer), kulturminne kan vere flytta frå ordning med tilskot til areal til ordning til tilskot pr. gravminne dersom dette er gunstigare for søkar. Ordninga «beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark» gjeld ikkje til areal i Hjelmeland, sjølv om det går an å teikne i kart hjå oss i denne ordninga. Hjelmeland kommune har difor ikkje godkjent noko areal som ligg i vår kommune i denne ordninga. Her er justerte satsar i nokre ordningar pga. her er søkt om meir enn «budsjettert» i Rogaland. Tilskot til bratt areal, beite av kystlynghei og miljøvennleg spreiing er redusert i forhold til førebels sats.

For begge utbetalingane er det 3 veker klagefrist frå du blir gjort kjent med utbetalinga. For RMP er dette sannsynlegvis før sjølve utbetalinga.