Bondeposten 1/2021

1 Bruk av landbruksbygg til andre næringar

Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet har gitt ut ein rettleiar som heiter «Garden som ressurs».

Denne rettleiaren viser kva for næringar som kan reknas som landbruk, og kva som er landbrukstilknytta næring basert på garden sine ressursar. I dei nemnde næringane kan du nytta bygningar på garden eller bygga nye utan å søke dispensasjon.

Vidare viser rettleiaren kva næringar du ikkje kan starta opp med og ta bygningar i bruk til. For å endre bruken av bygget, må du laga reguleringsplan eller søke om dispensasjon.

Tek ein bygningar i bruk til eit anna føremål enn det dei var bygde til og godkjent brukt til, skal du uansett søke om bruksendring etter plan- og bygingslova.