16 Eig du skog? Få ein fagleg bost om forvalting av skogen din
Kva skal til for å få best mogleg skogproduksjon, klimagevinst og økonomi på skogeigedomen? Fire korte kveldswebinar gir deg som skogeigar fagleg påfyll.
Rogaland er eit fylke med stort potensiale for skogbruk og generelt gode moglegheiter for høg skogproduksjon. Det er mange grep ein skogeigar kan gjere for å oppnå ein økonomisk og berekraftig skogforvalting på sin eigedom, men kvar bør ein starte?
Her er invitasjon til kveldswebinar med eit grunnleggande skogtema for kvart webinar. Serien er planlagt med innspel frå kommunane i Rogaland og blir arrangert i samarbeid med Skogkurs og AT skog. Eit kurs var i slutten av januar.
Program
- Torsdag 11 februar, 19:00 – 20:30 Smart planting for optimal bruk av arealet
- Torsdag 4 mars, 19:00 – 20:30 Ungskogpleie – kvifor og korleis
- Torsdag 18 mars, 19:00 – 20:30 Praktisk bruk av skogbruksplanen på din eigedom
Påmelding og meir detaljert program for kvart webinar på nettsida til Statsforvaltaren i Rogaland og Facebooksida Statsforvaltaren og bonden i Rogaland 14 dagar før webinaret. Webinara er gratis og blir helde på Teams. Statsforvaltaren sender ut link til påmeldte nokon dagar i forkant.