Bondeposten 1/2021

3 Gardsutsal

Hjelmeland Naturlegvis! jobbar med ny nettside som snart skal lanserast. Målet er at «all relevant informasjon skal finnast på ein plass». Nettsida skal gi levande og aktuell informasjon om tomter, bustad- og hyttetilbod, bedriftsoversikt, næringsareal, arrangement og aktivitetar, fritidstilbod med meir.

I denne samanheng ønsker me å publisera informasjon om alle gardsutsal i kommunen. Me ønsker at alle fast- og fritidsbuande og besøkande blir kjent med lokale landbruksprodusentar og produkta.

Har du gardsutsal som du ønsker å få publisert på den nye nettsida, så gi tilbakemelding til kommunen innan 23. februar! Tilbakemeldinga sender du på epost til postmottak@hjelmeland.kommune.no.

Ta med

  • Gardsnamn/namn på gardsutsalet (det namnet du ønsker at kunden skal kjenna att)
  • Logo
  • Kontaktinformasjon: kontaktperson, telefon, e-pos, adresse
  • Link til heimeside/Facebookside
  • Send gjerne og ein kort tekst med bilde som beskriv gardsutsalet/garden

Har du spørsmål eller ønsker meir informasjon om dette prosjektet, ta kontakt med prosjektleiar for Hjelmeland Naturlegvis! Jan S. Grimstad, telefon 40439012 eller e-post jan.sverre.grimstad@hjelmeland.kommune.no