Gjødslingsplan

Bondeposten 1/2021

9 Gjødslingsplan

Me minner om at det er krav om årleg gjødslingsplan. Planen skal vise bruk av all gjødsel, både husdyrgjødsel og kunstgjødsel. Dersom du leiger ut spreieareal/tek imot husdyrgjødsel frå andre, så skal også dette med i gjødslingsplanen. Leigd jord skal og med i planen. Planen skal vere eit godt verktøy for deg som bonde for å få ei avling av god kvalitet, ved å nytte næringsstoffa som er i jorda og tilført gjødsel best mogleg. God nok lagerkapasitet er viktig slik at du får køyrd ut husdyrgjødsla på laglegast tid, dvs. mesteparten tidleg i vekstsesongen – om våren og etter 1. slått.

Gjødslingsplanen skal innehalde kart som viser skifteinndeling. Planen skal vere sett opp skiftevis og skal innehalde følgjande for kvart skifte; areal i da, jordart og jordanalyse, forgrøde, årets vekst, forventa avling pr. da, årets gjødslingsbehov, og bruk av husdyrgjødsel og kunstgjødsel i type og mengde.