Bondeposten 1/2021

12 Handlingsplan for nedkjemping av ugraset landøyda

Landøyda er ein svært giftig plante som er skadeleg for beitande dyr. Storfe og hest som beiter på landøyda kan få alvorlege leverskadar. Nå har fleire aktørar i Rogaland gått saman om ein felles plan for nedkjemping av landøyda. Planen er utarbeidd av aktørane Forum ku, Mattilsynet, Rogaland bondelag, Norsk landbruksrådgiving Rogaland, Felleskjøpet Rogaland Agder, Karmøy kommune og Statsforvaltaren i Rogaland.

Målet er å redusera bestanden av landøyda i Rogaland og hindre spreiing til nye område, samt hindre skade på husdyr som følgjer av beiting på planten.

Utdrag frå handlingsplanen

Grunneigar – luke og sprøyte mot landøyda, motivere andre i problemområda til å gjere tiltak, melde frå til kommunen om problemområde. Kommunal landbruksforvaltning – informasjon, synfaringar og vurdere reaksjon i tilskot til landbruksføretak, vurdere fare for spreiing av landøyda i samband med søknadar om massefyllingar, oppfølging av driveplikt i jordlova mm. Vegeigar – dette må avklarast – driftsavtalar om kantslått og skjøtsel mm. Bondelag, NLR mfl. skal informere om tiltak, lage avtalar med andre partar mm. Allmenta – melde ifrå om ugrasproblem til aktuell kommune.

Handlingsplanen er eit samarbeid mellom regionale og lokale styresmakter, næringsliv og næringsorganisasjonar. Det skal vere nytt møte for desse 18. mars.

Kontaktpersonar er Forum Ku v/Alf Egil Vaula: alf.egil@tveit.no Tlf.: 93440430 og Statsforvaltaren i Rogaland v/Monica Dahlmo, fmromda@statsforvalteren.no tlf.: 51 56 89 66.