Kommunalt tilskot til nydyrking

Bondeposten 1/2021

6 Kommunalt tilskot til nydyrking

Kommunen har i budsjettet for 2021 sett av kr 200 000,- til tilskot til nydyrking. Retningslinjene frå 2019 gjeld. Det vert gitt tilskot til nydyrking til jordbruksproduksjon. Tilskot til fulldyrking og overflatedyrking. Det må vere eit gyldig dyrkingsløyve for arealet du søker tilskot til.

Frist for dyrkingstilskotet er 3 år, eller same frist som dyrkingsvedtaket dersom dyrkingsløyvet går ut om 2 år, så varer ikkje løyve om tilskot heller lengre. Du kan maksimalt søke tilskot til/få tilskot til 20 da pr. år. Ingen søknadsfrist, tilskot vert løyvd fortløpande så lenge her er pengar att for inneverande år. Du må søke tilskot og ha gyldig vedtak før du startar dyrkingsarbeidet.

Søk om tilskot til nydyrking.