Mjølkekvote i 2021

Bondeposten 1/2021

5 Mjølkekvote i 2021

7. desember 2020 gjorde Tine som marknadsregulator greie for marknadssituasjonen i 2020 og prognosane for mjølkeproduksjon og mjølkebehov i 2021. I 2020 gav koronapandemien auka etterspørsel etter mjølkeprodukt som følgje av endra måltidsvanar. I tillegg kom bortfall av grensehandelen. Tine forventar at etterspørselen etter mjølkeprodukt vil halda seg inn i 2021 og det er behov for å bygge opp lagra av blant anna ost.

Landbruks- og matdepartementet fastsetter forholdstalet på disponibel kvote for kumjølk til 1,07 for 2021.