Planting og ungskogpleie - felles skogkulturprosjekt

Bondeposten 1/2021

14 Planting og ungskogpleie - felles skogkulturprosjekt

Skogeigerar som har gjennomført hogst bør starte å leggja ein plan for ny skogproduksjon. Det er krav om planting innan 3 år etter hogst. Denne tidsfristen er den same om ein skal omdisponere arealet til beite.

På god skogsmark er det viktig å komme i gong tidleg for å unngå ekstrakostnader med uønska konkurranse frå ugras og anna vegetasjon. I mange tilfelle kan 2-årige planter som gir større overleving mot konkurrerande vegetasjon og skadedyr (gnag på rothals frå gransnutebiller) vere aktuelle. Det beste er å bruke foredla plantemateriale tilpassa område og høgdelag, ein vil då sikre eit godt økonomisk resultat med høg produksjon og god kvalitet.

For å få ei god etableringa er det viktig at plantefelta blir følgd opp med ungskogpleie og eventuelt suppleringsplanting i den kritiske etableringsfasen, dette er normalt fram til trea er blitt 2-4 meter høge, eller når konkurranse frå anna vegetasjon er overvunne.

Til skogkulturtiltak i skogen kan ein nytta skogfond, i tillegg til gode tilskotordningar. Tilskotssatsar og informasjon kan du få frå kommunen på heimesida, e-post og tlf.

Treng ein hjelp til å utføre plantearbeid og ungskogpleie har ein i Hjelmeland tilgang på lokal arbeidskraft. Rasmus Hagalid-Stokkeland busett på Hagalid kan tilby planter, plantearbeid og anna skogtenester. Han har og muligheit for å skaffe furufrø om det er ønskelig å forynge med noko anna en gran. Kontakt informasjon: stokkeland@rs-skog.no, tlf.: 40649917

Kommunane Sandnes, Strand, Hjelmeland og Suldal er einige om eit prosjekt saman med Statsforvaltaren i Rogaland med satsing på aktivitet i skogbruket, med størst fokus på auka aktivitet innan planting og ungskogpleie. Ein håpar på oppstart med prosjektet i løpet av 2021.