RMP

Bondeposten 1/2021

11 RMP

RMP 2020

Utbetaling 12. mars. Du mottek utbetalingsbrevet ein gong mellom 26. februar og 12. mars. Ver OBS på at klagefristen på 3 veker gjeld frå tidspunktet du får melding om vedtak/vedtaksbrevet, og dette er før du får pengane på konto! Endelege satsar er lik førebels satsar.

RMP 2021

Hjelmeland kommune har sendt innspel til styringsgruppa for RMP og SMIL. Dei hadde møte 29. januar 2021. Me  ønsker at Hjelmeland og kan ta del i ordninga med tilskot til miljøvennleg gjødselspreiing. Kommunen har og sendt innspel om å utvide ordninga med tilskot til turstiar, høg tilrettelegging, til og å gjelde for turstiar som ligg innan 3 km frå regulert hyttefelt. Dette fordi me har inntrykk av at bruken av turområda er like stor når dei ligg i nærleik av regulert hyttefelt som når dei er i nærleik av regulert bustadfelt.

Tilbakemeldinga frå styringsgruppa er: Behandlinga av førespurnad frå Hjelmeland kommune om å utvide tilskotsområdet for miljøvenleg gjødselspreiing og utvide ordningar med tilskot til turstiar: Styringsgruppa avslår begge forslaga frå Hjelmeland kommune. Vi ønskjer å utvide tilskotsområdet for miljøvenleg gjødselspreiing så snart økonomisk handlingsrom gjer det mogleg. Styringsgruppa ønskjer ikkje endre tursti-ordninga slik at hyttefelt kjem inn i høgaste sats. Rogaland fylkeskommune opplyser om at det er mogleg å søkje støtte frå andre
tilskotsordningar for å legge til rette for friluftsliv.

Elles kan me opplysa at registreringsdato for RMP er 31. juli. Dvs. at kydlestuvar du skal kydla i år, turstiar som skal merkast og skiltast, og andre tiltak blir «telt» midt på sommaren, sjølv om søknadsfristen er i oktober.