Bondeposten 1/2021

8 SMIL-midlar

For 2021 har Statsforvaltaren i Rogaland vedteke at ein skal satse på opprydding av gamle piggtrådgjerde. I Hjelmeland kan ein levere piggtråden gratis på Viganeset til IVAR sitt anlegg. Husk å få med kvittering for mengde innlevert. For at du skal få levert gratis må her vere sortert. Piggtråden må ikkje henge på pålar og nett. Vilkåra for denne ordninga er ikkje klare ennå. Me kjem tilbake med meir informasjon når ordninga er klar.

Utover dette er her og SMIL-midlar til skjøtsel av biologisk mangfald. Ein kan og få SMIL-midlar til eventuell kartlegging eller utarbeiding av skjøtselsplan for biologisk mangfald. For eksempel slåtteenger, solblom, haustingsskog, kydlestuvar osv….. Det blir gitt tilskot til restaurering av ein del byggverk som er typiske og viktige for vårt kulturlandskap. Til bygningar gir ein tilskot til utvendig restaurering; kledning, taktekking, glas, ytterdør, mur ol. Det kan og gis tilskot til gamle bruer, restaurering av steingardar, uthus, ferdselsårer osv.

Det er og tilskot til enkelte ordningar for å reduser forureining/miljøtiltak. Dersom du har søkt tilskot til tak på gjødsellager frå Innovasjon Norge og fått avslag, kan du prøve om du får tilskot gjennom SMIL-ordninga. Det kan og gis tilskot til lagringsplass for grasballar.

Vilkår for å kunne søke;

  • Tiltaket må vere på ein landbrukseigedom eller område verna etter naturmangfaldlova eller kulturminnelova.
  • Tilskot kan gis til føretak som fyller vilkår om produksjonstilskot.
  • Tilskotet kan og gis til eigar av landbrukseigedom dersom det føregår ein produksjon på eigedomen som fyller vilkår for produksjonstilskot.
  • Eigar kan søke tilskot, sjølv om ein ikkje driv sjølv, men då er vilkåret at jorda er i drift og dei som driv jorda fyller vilkår om produksjonstilskot.