Bondeposten 1/2021

10 Søknad om produksjonstilskot

Det er utbetaling av produksjonstilskot og avløysartilskot 2020 onsdag 17. februar. Klagefristen er 3 veker frå du mottek vedtaket som er utbetalingsbrevet.

Produksjonstilskot 2021

Det er teljedato for husdyr, som og dannar grunnlag for avløysartilskot 1. mars. Søknadsfristen er 15. mars.

Landbruksdirektoratet har fått nytt utsjåande på nettsida si. Nå må me leita på ny for å finne kvar me kan gå til søknad om produksjonstilskot og andre søknadar via denne sida. Lettaste «sti» eg har funne er landbruksdirektoratet.no si framside, eit stykke nede på sida finn du «ofte brukte ordningar» Produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket, gå til søknadsskjema i høgre marg, start tjeneste og du loggar på til skjema. 

Alternativet er å gå rett via Altinn og leite etter rett skjema der.