Tilskot til drenering

Bondeposten 1/2021

7 Tilskot til drenering

Det er ei statleg ordning med tilskot til drenering av jordbruksjord. Du kan søkje tilskot til drenering av tidlegare drenert jordbruksjord. Det går og an å søkjer om tilskot til areal som er planert i staden for dyrka.

Det kan søkast tilskot til systematisk drenering – tilskot pr. da, tilskotssatsen er kr 2000,- pr. da. For anna grøfting, dvs. enkle grøfter i areal, avskjeringsgrøft ol – kr 30 pr. meter, maksimalt inntil kr 2000 pr. da. Det kan og gis tilskot til omprofilering av areal. Ingen søknadsfrist, saker blir behandla fortløpande.

Drenering i areal som vart drenert/dyrka før dyrkingsforskrifta kom i 1997, blir sendt på høyring til Rogaland Fylkeskommune i tilfelle her kan vere kulturminne under vanleg pløyedjupne. Du bør difor berekne litt tid frå du søkjer om tilskot til du får vedtaket. Du må vente på svar på søknad før du kan starte dreneringsarbeidet, elles vert søknaden avslått.