Bondeposten 1/2021

15 Tilskot til tettare planting og gjødsling av skog

Det er ei nasjonal rame på 29 millionar kroner til tilskot til tettare planting ved forynging etter hogst og gjødsling av skog i 2021. Send søknad om tilskot til kommunen digitalt via Altinn eller på papirskjema. Ved å plante fleire planter per dekar bidrar du til auka karbonbinding i skogen. Skogeigarar som plantar inntil 50 planter meir pr. da enn fastsett, bonitetsavhengig minimumsantal, kan få tilskot.

Tilskot til tettare skogplanting som klimatiltak 2021

Tilskot til tettare planting ved nyplanting: 60 %
Tilskot til suppleringsplanting: 30 %
Søknadsfrist er 1. august og 7. november. For seint innkomne søknader får ikkje tilskot.

Tilskot til gjødsling av skog som klimatiltak 2021

Tilskot til gjødsling av skog: 40 %
Søknadsfrist er 15. september. For seint innkomne søknader får ikkje tilskot.
Gjødsling handlar om å tilføra nitrogen slik at treet aukar opptak av næringsstoff. Tilveksten i barskogen aukar, noko som igjen gir auka tømmerpris ved sluttavverkning og større lager av karbon i skogen.