Driveplikt

Bondeposten 2/2020

4 Driveplikt

Jamfør jordlova § 8 skal jordbruksareal drivast. Driveplikta gjeld for heile eigartida. Ny eigar må innan eit år ta stilling til om han eller ho vil drive eigedomen sjølv eller leige bort jordbruksarealet etter føresegnene i andre ledd.

Driveplikta kan oppfyllast ved at arealet vert leigd bort. Det er ein føresetnad for at driveplikta er oppfylt ved bortleige at leigeavtalen er på minst 10 år om gongen utan høve for eigaren til å seie ho opp. Avtalen må føre til driftsmessig gode løysingar og vere skriftleg. Avtalar som fører til driftsmessig uheldige løysingar, kan følgjast opp som brot på driveplikta. Eigaren må sende kopi av avtalen til kommunen. Ein leigeavtale som er i strid med andre eller tredje punktum, kan ikkje gjerast gjeldande mellom partane eller i høve til offentlege styresmakter.
Finn departementet at jordbruksarealet ikkje vert drive, kan eigaren påleggjast å leiga jorda bort for ei tid av inntil 10 år, eller at jorda skal plantast til med skog, eller tiltak av omsyn til kulturlandskapet.

All jordbruksjord skal vere i drift, både fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Dersom her er snakk om innmarksbeite, MÅ arealet nyttast av beitedyr. Ein kan ikkje hauste beitearealet maskinelt. Ein kan ikkje leige bort bare dyrka jord, og la vere å ta med innmarksbeite, då har ein ikkje oppfylt driveplikta.