14 Ekstraordinært tilskot - vårplanting m.m.
Tilskotet er på kr 1,3,- per plante og gjeld for all vårplanting i skogbruket, inkludert juletre. Tilskotet kjem som følge av utbrotet av korona. Skogeigarar som plantar sjølv er og tilskotsberettiga. Dei søker til kommunen og utbetalinga skjer gjennom NMSK-systemet. Tilskotet kjem på toppen av ordinært plantetilskot.
Fristen for skogeigarar å søke er 1. september 2020.
Landbruksdirektoratet har oppretta ei eiga side om tilskotet som blir oppdatert fortløpande.
Her er og eit midlertidig tilskot til drifter med svak økonomi; heilmekanisert tynning, heilmekaniserte skogsdrifter med høge driftskostnadar og taubanedrifter.
Søknadsfrist 30. november.
Sjå meir på Landbruksdirektoratet si side.