18 Falleferdige bygg
Areal og forvaltningsutvalet har retta søkelyset på falleferdige bygg som skjemmer og som også kan vera farlege for omgjevnadane. Ein del av desse bygga er å finna rundt om på gardane. Plan og bygningslova omhandlar også slike bygg; sjå m.a. følgande paragraf:
31-3.Sikring og istandsetting. Frakobling av vann- og avløpsledning
Eier eller den ansvarlige plikter å holde byggverk og installasjoner som omfattes av denne lov i en slik stand at det ikke oppstår fare for skade på, eller vesentlig ulempe for person, eiendom eller miljø, og slik at de ikke virker skjemmende i seg selv eller i forhold til omgivelsene.
Blir plikten ikke overholdt, kan kommunen gi pålegg om sikring og istandsetting.
Som følge av initiativet frå AFU vil kommunen leggja vinn på å følgja opp fleire saker som handlar om denne problematikken. Har du eit bygg i kategorien skjemmande og/eller farleg, må du sikra det, før du går vidare med opp-pussing eller søkjer om riveløyve. Søknad om riveløyve er også ei sak etter plan-og bygningsloven, og skal innehalda plan for avfallshandtering. Har du planar om å brenna opp bygget, må du uansett fyrst ha riveløyve. Så må du avtale med brannvesenet.
Er det eit verneverdig bygg, er det ikkje sikkert du får riveløyve. Men det kan hende du er kvalifisert til å søkja om SMIL-midlar eller Kulturminnefondet for å dekkja delar av utgiftene med å ta vare på det.