3 RMP 2020 - Regionalt miljøtilskot
Rogaland har 41,9 millionar kroner i 2020. Midlane går til jordbruksføretak som gjer miljøtiltak på si driftseining og som søker tilskot innan 15. oktober. Tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing er priortert i Rogaland, men ikkje i Hjelmeland.
I år skal ordninga vere slik at når du skal teikne i kart, så får du spørsmål om du vil importere dei ordningane som vart godkjent i fjor? Seier du ja til det treng du ikkje teikne på ny dersom alt er likt.
- Men OBS!: for kydlestuvar får du tilskot til dei trea du har kylt i år, dette er sannsynlegvis ikkje like mange eller dei same som i fjor. Her må difor gjerast korrigering. Du kan seie ja til å importere alt frå i fjor, så kan du gå inn i kartet og under kartet får du ei liste over innteikna tiltak. Her står kvar kydlestuve rekna opp, til høgre på linja kan du enten endre eller fjerne. Trykk fjern på dei kydlestuvane som skal vekk, og så kan du teikne inn nye ved å «teikne i kart». Same tre kan IKKJE få tilskot oftare enn kvart 5. år!
Når det gjeld for eksempel bratt areal og du ikkje disponerer noko areal lengre (leigeavtalen gjeld ikkje lengre eller anna) så kan du fjerne arealet under kartet, eller du kan slette heile gnr/bnr. OBS! dersom du fekk godkjent nytt areal i fjor (nye beite for eksempel) og det ikkje vart oppdatert i gardskartet tidleg på året, så måtte kommunen bare ruse kor mykje av dette som var bratt i 2019. HUSK å teikne inn bratt areal i kart på desse areala, slik at du får med alt bratt areal. Har du fått godkjent nytt areal i år, og dette ikkje er oppdatert i gardskart innan ca juli, må me bare ruse bratt areal i år, og så må du huske å måle inn i kartet til neste år. Skriv merknad i kommentarfeltet i slutten av søknaden om nye areal, slik at kommunen huskar denne oppdateringa. Bruk og merknadsfeltet til andre beskjedar til kommunen som søknaden. Ordninga «Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark» gjeld ikkje i Hjelmeland, gjeld utvalde areal i Suldal, og langs Lysefjorden mm.
3.2 Ordningar for å ta vare på kulturlandskapet
I Rogaland gir ein tilskot til areal som er særleg utsett for attgroing og til utvalde område som er viktige av omsyn til turisme eller har særlege kulturhistoriske verdiar.
Drift av bratt areal.
Drift av beitelag.
Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark: Gjeld ikkje i Hjelmeland, gjeld utvalde areal i Suldal og langs Lysefjorden mm.
3.3 Ordningar for biologisk mangfald
Målet med RMP er å legge til rette for frivillig skjøtsel av viktige naturverdiar. Ein særleg posisjon har kystlyngheia, men òg andre registrerte naturtypar gir tilskot:
- Slått av slåttemyr eller slåttemark, beiting av kystlynghei, skjøtsel av biologisk verdifulle areal: Naturbeitemark, Hagemark, Myr ved jordbruksareal
- Skjøtsel av styvingstre
- Soner for pollinerande insekt Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl
- Våtmarksbeiting
3.4 Ordningar for å ta vare på kulturminne og kulturmiljø
Tilskot til å skjøtte kulturminne knytt til jordbruksareal og for at det i drifta av arealet blir tatt ekstra omsyn.
3.5 Friluftsliv
Turar i jordbrukslandskapet gir gode opplevingar, og er verdifulle for folkehelsa og befolkninga si oppleving av jordbruket. I Rogaland blir det gitt tilskot til turstiar som ligg på jordbruksareal. Tilskotet skal stimulere til, og gi betaling for at jordbruksføretak legg til rette for ferdsel på eigedomen. Tilrettelegging er med på å styre ferdsla til dei områda grunneigar ønsker. Tilrettelegginga kan dempe konfliktar mellom gardbrukarar og turgåarar.
3.6 Ordninga for å minske næringsavrenning til vatn og for minske utslepp til luft
I Rogaland er avrenning frå jordbruk ei av kjeldene til at mange vassdrag ikkje har god nok tilstand jamfør vassforskrifta. Hjelmeland kommune har ikkje nokon vassdrag pr. no som er prioritert i RMP-ordningane.