5 SMIL-midlar
Det er gjort ei endring i forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL). Eigar av landbrukseigedom utan føretak, kan nå bli gitt tilskot, dersom det føregår ein tilskotsberettiga produksjon på eigedomen.
SMIL-midlar kan løyvast til ulike tiltak innan bla kartlegging og skjøtsel av biologisk mangfald, restaurering av bygg og andre kulturminne, tilrettelegging for ferdsel, kamp mot svartelista ugras mm. Det er no elektronisk søknadsskjema via Landbruksdirektoratet si heimeside eller Altinn. Treng du hjelp til søknaden så ta kontakt med Anne Kari Skogerbø. Søknaden skal beskrive kva tiltak du skal til med, du må ha eit kostnadsoverslag – stundom på grunnlag av innhenta pristilbod, og det er flott med foto som viser dagens tilstand, og evt gamle foto dersom det er snakk om restaurering av bygg.