Skog

Bondeposten 2/2021

13 Skog

13.1 Tilskot for å sikre planting av skogplanter våren 2021

På grunn av vanskelig tilgang til planterar våren 2021 er det satt av ekstra tilskot til planting av skogplanter og juletre som er planta våren 2021. Satsen er 1,5 kr/plante. Tilskotet blir lagt til det ordinære plantetilskotet og gjeld nyplanting, suppleringsplanting og planting av juletre.
Skogeigerar som har planta sjølv kan søkje om tilskotet. Har ein nytta andre næringsaktørar som Nortømmer/ AT-skog søkjer dei om dette tilskotet.
Ein søkjer på vanleg skjema om tilskot til skogkultur som ein sendar til kommunen. Skjema finn du her.
Søknadsfrist 1. september 

13.2 Tilskot til miljøtiltak i skogbruk 2021

Som skogeigar kan du søke tilskot til å gjere miljøtiltak i skogområda dine. Dette inkluderer tiltak for å ivareta nøkkelbiotopar, tilrettelegge for friluftsliv og ivareta kulturminne. Ordninga føl reglane i NMSK-forskrifta § 6.
Det er sett ei øvre grense på 75 000 kroner per skogeigar.
Du kan få tilskot for å:
Gjere skjøtseltiltak og tilrettelegge for å ivareta og utvikle nøkkelbiotopar, legge til rette for friluftsliv i tilknyting til skogområde, ivareta eller synleggjere kulturminne i tilknyting til skogområde, fjerne frøformerte planter av utanlandske treslag utanfor produksjonsbestand i nærleiken av nøkkelbiotopar eller regionalt/nasjonalt viktige naturtypar, dekke meirkostnadar for å unngå vegbygging som vil redusere «villmarksprega område» ved skogsdrift.
Maksimal tilskotssats er 70 prosent av meirkostnaden eller det økonomisk tapet. I tillegg er det mogleg å få inntil 30 prosent i tilskot for å dekke tap for å: ta vare på nøkkelbiotopar, rovfuglreir og tiurleikar i eit større omfang enn det som blir forventa av næringa (fråtrekkt ein arealavhengig eigenandel). Med dette meiner ein ei langsiktig bevaring der omsynet til miljøverdiane krev at skogeigar avstår frå hogst eller legg om skogsdrifta. Her vil kommune legge fram ein avtale med omkring 10 års varigheit.

Det er to søknadsfristar i 2021:
1. september
1. november
Du kan søke digitalt til kommunen gjennom skogsfondskontoen din via Altinn eller på papirskjema.
Du kan søke tilskot fortløpande innan frist. Etter søknadsfristen har kommunen tre veker til å løyve tilskot og sende ut vedtaksbrevet med arbeidsfrist.
Avgrensingar
Tilskotet er avgrensa til område der det blir drive skogbruk. Det er ikkje mogleg å få tilskot til tiltak i verneområde eller område som er definert til anna enn landbruksføremål der ein ikkje kan drive ordinært skogbruk. Kontaktperson; Kristofer Tveiterå, tlf. 404 39 128.