Spreieareal

Bondeposten 2/2021

8 Spreieareal

Me minner om at jf. forskrift om gjødselvarer av organisk opphav § 24 – krav til spreieareal, så kan husdyrgjødsel berre spreiast på godkjent spreieareal.
Fulldyrka jord er automatisk spreieareal. For å kunne spreie på innmarksbeite må arealet vere godkjent som spreieareal.
Utmarksareal kan ikkje godkjennast som spreieareal. Kommunen kan i særlege tilfelle gi dispensasjon frå delar av gjødselvareforskrifta.
Spreiearealet skulle vore å finne på temakart-Rogaland, men Hjelmeland kommune er ikkje ajour med oppdatering av denne basen, difor finn du ikkje spreiearealet ditt her.
Ønskjer du du å nytte husdyrgjødsel på beite, og arealet ikkje er godkjent som spreieareal, så ta kontakt med kommunen v/Anne Kari Skogerbø. Då tek me ei synfaring og vurdering av arealet og beitepraksis mm, og ser om arealet kan godkjennast som spreieareal.