Kommunale tilskotsordningar

Bondeposten 2/2022

4 Kommunale tilskotsordningar

Det er vedtatt to nye tilskotsordningar for næringslivet:

  • ei til etablering av ny næring eller investeringstiltak i eksisterande bedrifter
  • ei til grøn omstilling

Begge ordningane er aktuelle for landbruket, og i ordninga som gjeld nyetablering og investeringstiltak skal minst kr 200 000,- nyttast til landbrukstiltak. Denne ordninga inkluderer nydyrking og andre investeringar i landbruket.

Landbruksføretak som gjer investeringstiltak for å hindra forureining og redusera klimautslepp kan søkje om tilskot til grøn omstilling. Søknadsfrist er 15. oktober for begge ordningane i år.

Les meir om tilskotsordningane