Regionalt miljøtilskot - RMP

Bondeposten 2/2022

2 Regionalt miljøtilskot - RMP

Søknadsfrist er 15. oktober. Resultatet i årets jordbruksoppgjer blei 20,7 millionar kroner i auka ramme for Regionalt miljøprogram i Rogaland. Dermed kan bønder i Rogaland søke RMP for til saman 66,4 millionar kroner i søknadsomgangen 2022. Alle landbruksføretak i Rogaland kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Ein får kanskje ikkje nytta heile effekten av auka tilskot i år, sidan mange miljøtiltak må startast ved våronna, som var unnagjort når jordbruksoppgjeret blei landa. Men det er eit viktig signal til neste vekstsesong.

Endringar i 2022

Tilskotssatsane er auka for fleire ordningar, og tilskotstaka fjerna for søknader om tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing, miljøavtalar og kulturminne. Tilskot til grasdekte vassvegar i åkerareal er også innført som eit nytt for tiltak mot erosjon. I år blir det differensiert i tilskotssatsane for kantsoner i eng langs vassdrag.

Statsforvaltaren har dialog med beitelaga i fylket om det er mogleg å få til avtalar mellom beitelaga for sanking i «tomme beiteområde».

Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland

Ny programperiode er 2023–2026. Det er Regionalt miljøprogram som definerer kva slags ordningar som skal virke i Rogaland. Saman med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag og andre regionale aktørar skal Statsforvaltaren utarbeide nytt program. I forkant av høyringa har Statsforvaltaren hatt opne temamøte. Det blir ordinær høyring av ny forskrift i vinter.

Tips til søknad om RMP

Når du er i søknadsskjema må du velje knappen «Tegn i kart» før du går vidare til resten av søknaden. Dersom tiltaka er som i fjor kan du seie ja til å importer det du fekk godkjent i fjor. Husk at for kydlestuvar kan du søkje på berre dei trea du har kylt i inneverande år. Her må du difor slette dei du søkte på i fjor og eventuelt legge inn dei trea du har tatt i år. Du kan slette eit og eit punkt. Øvst er det ein knapp som heiter «fjern alle tiltak» då fjernar du ALT, både frå i fjor og dei du eventuelt har teikna i år. Det du søkte på i fjor kan du hente inn att med å «importere det som bli godkjent i fjor» ein knapp i menyen over kartet, men ting du har teikna i år må du då teikne på nye.

Miljøvenleg gjødselspreiing. Først må du teikne areal du har spreidd på med nedfellingsutstyr, og ETTERPÅ kan du teikne areal du og har nytta tilførselsslange på. Motsett rekkefølge går ikkje, då får du melding om at det ikkje er gyldig areal å teikne i.

Biologisk mangfald av ymse slag

Det er føretatt kartleggingar fleire stader i kommunen. Stundom tek det tid før kartleggingane kjem i kart. Nokon gonger har grunneigar bedt om kartlegging, andre gonger veit ein ikkje om at her er gjort kartlegging. Det kan difor vere lurt å sjekke om det er kartlagt noko på din eigedom, som du har skjøtta i tråd med skjøtselssråda i RMP, og som du difor kan søkje tilskot til. For å finne ut meir om dette kan du opne nettsida temakart-rogaland.no Når du opnar sida står det til høgre «informasjon» og så kan du velje kartlaget Regionalt miljøprogram. Du kan zoome deg inn til ditt område og så vel du knappen for tema – symbolet som ser ut som ein haug med papir/lag på lag, og så krysse av for ulike kartleggingar eller ordningar i RMP. Det står meir i rettleiinga om kva det gis tilskot til og kva verdi for eksempel naturbeitemarka må ha for at du kan søkje tilskot.

Søknadsfristen for RMP er 15. oktober. Du kan gjere endringar i søknaden kor mange gonger du vil før dette. Men gjer du endringar etter denne dato blir det rekna som ny innsendt søknad og du får kr 1000,- i avkorting pr dag du er etter søknadsfrist 15. oktober. Ta difor kontakt med kommunen om du lurer på noko etter søknadsfrist.