Koronaviruspandemi

Råd og tiltak vil endre seg etterkvart som situasjonen utviklar seg, og det er no dagleg ny informasjon. For generell informasjon om viruset og nasjonale råd og tiltak sjå Helsenorge sine sider.  

Denne sida inneheld informasjon som er relevant for Hjelmeland kommune spesielt og vil i tida framover redigerast og kvalitetssikrast dagleg frå mandag til fredag.

Kommunale tenester

Under kan du sjå oppdatert informasjon om korleis dei forskjellege tilboda våre er.

Kommunale tenester

Helse og omsorg

Hjelmeland legekontor

Ikkje møt opp på legekontoret utan avtale! 

Ring legekontoret på tlf. 51 75 71 00 dersom du lurer på om du kan vera smitta.

For andre henvendelser

Dersom du ikkje kan bruke helsenorge.no

  • ring tlf. 51 75 71 00 for legehjelp utanom koronavirus

Sjå helsenorge.no eller ring 815 55 015 dersom du er frisk, men har spørsmål om koronavirus.

Hjelmeland og Årdal omsorgssenter

  • Hjelmeland og Årdal omsorgssenter er framleiss i hovudsak stengt for besøkande inne, men det vert lagt til rette for besøk ute, etter avtale med den einskilde avdeling.
  • Dei som ønskjer å kome på besøk må være friske og må følgje dei nasjonale smittevernreglane. Den einskilde bebuar kan få besøk av inntil 2 personar samtidig.
  • Alt besøk skal avtalast med personalet i avdelinga på førehand, slik at det kan leggjast til rette slik at smittevern vert ivareteke.
  • I særskilte høve kan det gjerast avtale med ansvarleg sjukepleiar i avdelinga om besøk innandørs i eige rom som er tilrettelagt for besøk.
  • Etter råd fra Folkehelseinstituttet blir det ført logg over alle besøk, dette for å lette smittesporing ved eventuelt utbrot av smitte.
  • Pårørande kan ringa til brukarane
  • Alle opne arrangement på omsorgssentra er avlyst fram til sommaren

Besøk i omsorgsbustad ved HOS:

  • Besøk til omsorgsbustad bør skje utandørs.
  • Besøkjande må nytte  eigne inngangar/terrasser til omsorgsbustadene.

Kontaktinformasjon

  • Hjelmeland omsorgssenter, tlf. 51 75 90 00
  • Årdal omsorgssenter, tlf. 51 75 98 00

Helsestasjon og skulehelsetenesta

  • kun ved avtale
  • helsekontrollar startar opp att
  • innkalling vil bli sendt ut, barnet kan ha med ein føresett, alle må være symptomfrie frå hoste, feber osv. 
  • skulehelsetenesta er tilgjengeleg på tlf, samstundes vil me besøka skulane i friminutt, enkeltsamtalar med elevar vil skje utandørs
  • ring ved behov
  • Kristin 404 39 070 - helsesjukepleiar
  • Iren 404 39 073 - helsesjukepleiar
  • Ingvild 404 39 075 - psykiatrisk sjukepleiar
  • Asbjørg 404 39 081 - fysioterapeut

Gravid? 

Barnevern

  • ta gjerne kontakt dersom du treng hjelp, tlf. 404 39 055
  • barnevernvakten tlf. 51 89 91 67 (utanom arbeidstid, i helger og heilagdagar)
  • alarmtelefonen for barn og unge tlf. 116 111 eller sms 417 16 111
  • vald og overgrepslinja tlf. 116 006 
  • Politiet tlf. 02800

Tannlege

Fysioterapi

  • 20. april startar me opp med pasientar
  • dei som kan starte opp behandlinga vert kontakta 
  • nye pasientar kan ta kontakt med oss
  • me har ikkje full kapasitet enda, så me må prioritera
  • for informasjon og spørsmål, eller ved behov for råd, ring tlf. 404 39 080 eller send e-post til josvan.langen@hjelmeland.kommune.no 

Psykisk helse

  • redusert kapasitet

Pasientreiser

 

Barnehagar, skular, barnepass og betaling

Barnehage

Barnehagane opna måndag 20. april. Frå og med måndag 25. mai utvidar barnehagane opningstida si. Opningstida vil være frå kl. 07.30-16.00. Tilbodet vil være i henhald til revidert smittevernrettleiar. Ytterligare informasjon blir gitt direkte frå den einskilde barnehage til foreldre/føresette. 

Skule og SFO

Skular og SFO opna måndag 27. april for 1.-4. klasse. Tysdag 12. mai opna skulane for elevar som går i 5.-7. klasse, i tillegg til 10. klasse. Resten av ungdomsskulen opna onsdag 13. mai. 

Grunna smitteverntiltak kan diverre ikkje alle trinna på ungdomsskulen vera på skulen kvar dag. 

  • 8. trinn vil ha heimeundervisning onsdag og fredag
  • 9. trinn vil ha heimeundervisning torsdag og fredag
  • 10. trinn vil ha heimeundervisning torsdag

Lenker med informasjon til foreldre/føresette

Skuleskyss

Bussane køyrer som normalt med unnatak av skulebussen som kjem frå Vormedalen. Den må køyra til skulen med alle elevane som kjem på bussen før Kvame. Den vil så retunera tilbake til Kvame for å henta elevane der. Etter skuleslutt vert elevane frå Kvame køyrde heim fyrst. Bussen retunerer så til skulen for å køyra heim elevane som skal til Fjellet og Vormedalen.

Skulebussen på Skiftun køyrer som normalt.

Utvida barnepass

Innbyggarar som arbeider med samfunnskritiske tenester kan ha rett til utvida barnepass. Dette gjeld også kommunalt tilsette som vert beordra til slik teneste. Dei av innbyggarane som treng slik barnepass må ta kontakt med den skulen/barnehagen kor barnet til vanleg går. Tilbodet gjeld for barn som er under 12 år. 

Me tilbyr hjelp til barnepass dersom ein av dei føresette arbeidar i kritiske samfunnsfunksjonar.

Fyll ut søknadsskjema for utvida opphaldstid i barnehage eller SFO.

Betaling for barnehage og SFO

  • faktura for mars vart sendt ut som normalt, og skal betalast
  • faktura for april er ikkje sendt ut
  • faktura for mai vert sendt ut som normalt, og skal betalast
  • alle korrigeringar og tilbakebetalingar for månadane mars-mai, vil kome på fakturaen i juni

 

Kundesenter/bibliotek

Kundesenter og bibliotek har ope

  • tysdagar kl. 12.00-14.00
  • fredagar kl. 12.00-14.00

Kun for lån og innlevering av bøker. 

Kontakt oss

  • på telefon 51 75 00 00
  • e-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no 
NAV Hjelmeland

NAV har stengt kundemottaket sitt inntil vidare. 

Korleis får eg hjelp?

  • Du kan kontakte NAV digitalt i aktivitetsplanen din eller på Ditt NAV
  • Gjeld det akutt nødhjelp, mat eller utan bustad, kan du kontakte NAV på tlf. 458 41 590
  • Oppfølging vil føregå via telefon og videomøter
  • Søk sosialhjelp på nettsidene til NAV

Testing av personar og hindring av smitte

Sentrale myndigheiter har innført restriksjonar på heile befolkninga og desse gjeld fortsatt.

Hindre smitte

Testing av personar

Etter tilråding fra FHI, startar me nå testing av alle med mistanke om Covid-19. Med mistanke meiner me fortsatt i hovudsak feber, hoste eller tung pust. 

Er du alvorlig sjuk skal du fortsatt kontakte fastlege eller legevakt for helsehjelp. 

Dersom du har milde forkjølelsessymptom kan personar i risikogruppa og helsepersonell med symptom kontakta legekontoret for å vurdere testing. Andre personer med milde symptom bør være heime og sjå an symptoma i 2 dagar. Dersom symptoma ikkje går over, tek du kontakt med fastlege som vil vurdera om du skal testast. 

Viss du har symptom på luftvegsinfeksjon skal du ikkje gå på jobb, skule eller barnehage.

Viss lege mistenker at symptoma dine skuldast Covid-19, skal du isolerast heime til testsvar er klart. Legen vil vurdere om husstandsmedlemmer skal i karantene medan ein ventar på svar.

Det kan ta opptil 3 døgn før svaret er klart.

Nasjonale føringar for å hindre spreiing av smitte

Desse tre punkta oppsummerer dei viktigaste tiltaka me har for å hindre spreiing

  • Hygienetiltak 
    • vask hendene grundig og ofte, bruk såpe og vatn eller desinfeksjonssprit viss ikkje såpe og vatn er tilgjengeleg
    • host og nys i parpirtørkle eller albogekroken
  • Sosial avstand
  • Testing, isolering og karantene
    • for å kunne halde samfunnet meir ope, er det viktigt å identifisere så mange som mogleg som kan ha smitte. Sjø øvst på sida korleis du skal få fram for å bli testa. 

Les meir på helsenorge.no sine koronavirussider.

Isolat eller karantene?

Isolat

Dersom ein har mistanke om smitte og ein ventar på svar på prøven, eller ein har påvist smitte av koronavirus, vil du bli bedt om å isolere deg heime dersom du er frisk nok til å klare deg utan helsehjelp. Du skal få kontakt med helsepersonell kvar dag per telefon, og ein kan ikkje forlate heimen.
Råd til pasientar som er isolert i heimen.

Karantene

Dersom du ikkje har symptom på luftvegsinfeksjon men kan ha vore eksponert for viruset gjennom reise eller kontakt med nokon som er smitta, skal du vera i karantene. Då har du noko meir bevegelsesfridom, men skal ikkje på på arbeid, skule eller oppsøke stader der du kan treffe folk.
Råd til pasientar som er i heimekarantene.

Les meir om forskjellen her.

Please read the information in english, arabic, dari, lithuanian, polish, thai and others.

Koronasjekk

Nettsida koronasjekk.no gjer eit speilbilde av anbefalingane til Folkehelseinstituttet (FHI), samt råd basert på informasjonen brukaren legg inn.

På nettsida kan du velge om du er helsepersonell eller ikkje og verktøyet velger dermed bort informasjon som ikkje er aktuell for deg.

Kan du bidra? Treng du hjelp? Er du utdanna innan helsefag? 

Me ønsker fortsatt å få ei oversikt over tilgjengeleg helsepersonell. I tillegg ønsker me oss frivillige som kan hjelpa dei som ikkje har det så lett i denne tida. Kjempeflott dersom du som treng hjelp til noko også gjer oss beskjed. 

Frivillige og helsefagarbeidarar

Har du helsefagleg utdanning eller erfaring?
Me ønsker no å få ei oversikt over tilgjengelig helsepersonell. Dersom me kjem i ein situasjon der me manglar personell, tek me direkte kontakt med deg.
 
Desse gruppene er aktuelle:
  • helsefagstudentar
  • medisinstudentar
  • sjukepleiarstudentar
  • vernepleiarstudent
  • personar med helsefagleg kompetanse
  • personar med helsefagleg erfaring (og innan privat verksemd)

Fyll ut skjema og send inn.

Informasjon frå KLP: Pensjonerte sjukepleiarar kan jobbe utan å tape pensjon.

Takk for ditt bidrag! 

Kan du bidra? Eller treng du hjelp?

Me ønsker å kome i kontakt med deg som

  • treng hjelp til noko i samband med denne koronapandemien
  • kan bidra med hjelp til dei som treng det

Les heile saka.

Fyll ut kartlegginsskjema på Hjelmeland Frivilligsentral sine sider.

Sjå KLP si nettside for informasjon om forsikringsdekning for frivillige.

Næringsliv og landbruk

Dei ekstraordinære tiltaka som er innført for å hindra spreiing av koronaviruset gjer det utfordrande for mange små og store bedrifter. 

Næringsliv og landbruk

Næringsaktørar

Kommunen gjer det ein kan for å bidra til at det er tilgjengeleg arbeid for bygg- og anleggsbransjen 

  • avdeling teknisk jobbar med å få sett i gong klargjorte prosjekt så snart som råd
  • avdeling plan- og forvaltning jobbar med uendra styrke for å gjera unna delingsvedtak og byggeløyve, slik at planlagde prosjekt kan komma i gong så raskt som råd

Kva kan kommunen bidra med?

  • me vil vita korleis situasjonen er for deg og di bedrift, slik at me kan få oversikt over situasjonen
  • me vil bidra med å formidla relevant informasjon om tiltak og ordningar som er oppretta for å hjelpa næringslivet

Har du opplysningar om situasjonen i næringslivet som kommunen bør vita om, eller treng du berre nokon å snakka med? Då kan du ta kontakt med

Hald dykk oppdatert på www.fhi.no for generell informasjon og på desse sidene med tanke på lokale forhold.

Sendingar frå Næringsforeningen TV

Følg med på sendingane som tek opp mange av dei utfordringane det lokale næringslivet står ovanfor i denne krisa. 

Nyttige lenker

Landbruk

Plan og forvaltning har fysisk stengt, men me jobbar og er å treffe på telefon og e-post.

  • Anne Kari Skogerbø, fagkonsulent landbruk, tlf 404 39 126
  • Torborg Kleppa, rådgjevar landbruk og næring, tlf 404 39 123

Sjukdom og sjukdomsavløysing

Same reglar som før gjeld, men NAV har endra reglane slik at legane kan gje sjukemelding etter telefonkonsultasjon. Sjå siste oppdatering av praktisering av dette på Landbruksdirektoratet sine sider.

Treng du hjelp til avløysing?
Kontakt avløysarlaget som administrerer landbruksvikarordninga, og kan ha andre avløysarar i beredskap - Landbrukstenester Ryfylke. Der kan du og registrere deg dersom du ønsker å tilby arbeidskraft i landbruket. Sjekk også ut Facebooksida til Landbrukstenester Ryfylke. NAV har og tilbod til arbeidstakarar som har meldt inn at dei ønsker jobb.

Dei generelle reglane for sjukepengar osv. gjeld og for landbruket. 

Arbeidsplassen.no - her kan du både søke etter folk, og du kan melde inn at du sjølv er ledig for oppdrag.

Mattilsynet - har informasjon i høve til landbruket, men dei viser og vidare til fellesreglar utarbeidd av Folkehelseinstituttet.

Bondelaget - har oppdatert informasjon i forhold til arbeidskraft, rettigheiter i jordbruket osv.

Barnepass

Dersom du treng utvida barnepass for å få utført arbeidet på garden kan du søke om det via elektronisk skjema.

* matproduksjon er ein samfunnskritisk teneste.

Næringsliv og landbruk

Når det gjelder næringslivet generelt, både landbruk og anna næringsliv, sjekk oversikten som heiter «Næringsaktørar». Den finn du her på koronasida vår.

SKAPE for etablerere i Rogaland

Tilbyr rådgiving via Skype, Teams, Facetime m.m.. Det gjelder og næringsfaglige vurderingar. SKAPE er i dialog med NAV om dette. SKAPE har sørga for at ein del av deira kurs blir til gratis Webinarer.

Møter, arrangementer og friluftsliv

Fortsatt er det slik at me skal halde oss mest mogleg for oss sjølve. Dei fleste arrangement er difor avlyst, men den flotte naturen vår er alltid open. 

Arrangement og friluftsliv

Friluftsliv

Naturen er alltid open og det gjer godt for kropp og sjel å bevege seg litt. Koronasituasjonen gjer at me må gå turar på ein trygg måte, for ikkje å hamne i ulykker. 

Miljødirektoratet - friluftslivets koronavettregler.

Husk bandtvang frå 1. april til og med 20. august.

Tips til flotte turar du kan gå i kommunen vår.

 

 

Politiske møter

Dei fleste politiske møter følger møteplanen. 

Politiske møter

Politiske møter

Dei fleste politiske møta følg møteplanen for 2020. 

Møtene vert no halde i kommunestyresalen, men også som fjernmøte på Teams dersom det er behov for det. 

 

 

Folkemøter og pressemeldingar

Folkemøter og pressemeldingar

Folkemøter

Torsdag 23. april informerte me om opning av barnehagar og skular via Facebook. Sjå opptak av sendinga.

Tysdag 31. mars hadde me nytt folkemøte via Facebook. Sjå opptak av sendinga. 

Tysdag 17. mars hadde me folkemøte via Facebook. Sjå opptak av sendinga.

Status i Hjelmeland

Her kan du følge med på antall testa personar i kommunen og tenestetilbodet vårt. 

Status i Hjelmeland

Status i Hjelmeland

Oversikt over antal personar som er testa

Status i Hjelmeland - koronavirus
Veke Antal testa Positive for koronavirus
9 12 0
10 4 0
11 9 0
12 16 0
13 5 0
14 6 0
15 1 0
16 2 0
17 7 0
18 14 0
19 10 0
20 20 0
21 9 0


Teneste-endringar per i dag

Teneste-endringar per i dag - koronavirus
Tenestestad Status
Hjelmeland legekontor Redusert kapasitet
Helsestasjon Redusert kapasitet
NAV Redusert kapasitet og stengt kundemottak
Psykisk helse Redusert kapasitet
Fysioterapi Redusert kapasitet
Hjelmeland omsorgssenter Besøk, etter avtale - hovudsakleg utandørs
Årdal omsorgssenter Besøk, etter avtale - hovudsakleg utandørs
Barnevern Redusert kapasitet
Skular Skulane er opne. Heimeskule nokre dagar i veka
Barnehagar Redusert opningstid
Kundesenter/bibliotek Ope kl 12.00-14.00 tysdagar og fredagar. Kun for lån/innlevering av bøker.