Smittevern: Nye pålegg og tilrådingarLytt til tekstenStopp avspillingSom dei fleste av dykk har fått med dykk, har regjeringa kome med endringar som gjeld smitteførebyggande tiltak. Me ber våre innbyggarar om å følge dei nasjonale pålegga og tilrådingane. Publisert19.01.2021 09.44 Sist endra19.01.2021 09.46 Endringar frå 20. januar 2021Her i kommunen vår vil desse endringane føra til at ungdomsskulen er tilbake på gult nivå frå onsdag. Det same vil då gjelda skuleskyssen. Kulturskulen vil driva som normalt. ...når me seier normalt meiner me med smitteverntiltak som gjeld hygiene og avstand. Barne og ungdomsidrett vil kunne driva som før når det gjeld treningar. Dette gjeld utandørs og innandørs. Eventuelle kampar og arrangement med besøk frå andre kommunar kan dessverre ikkje gjennomførast enno. Personar som er 20 år eller eldre kan berre driva med utandørs trening/aktivitet. Her gjeld framleis avstandskravet. Når det gjeld andre kultur arrangement er tilrådinga framleis å avlysa eller utsetta. Smittetrykket i HjelmelandSmittetrykket er framleis lågt i Hjelmeland. ein viktig årsak til dette er at våre innbyggarar, fritidsbuande og næringslivet tar smittevern på alvor. Sjølv om me nærmar oss eit år med covid-19 ser det altså ikkje ut til å vera over. Me sett lit til at vaksineringa skal gå rask og at det etterkvart vil gjere at tilhøva normaliserer seg.Enn så lenge takk til dykk for at de tar smittevern på alvor.