Besøk ved omsorgssentraLytt til tekstenStopp avspillingHjelmeland og Årdal omsorgssenter Besøk skal avtalast med personalet i avdelinga på førehand. På den måten kan me legge tilrette i forhold til gjeldande smittevern. Kvar bebuar kan ha besøk av inntil to personar. Besøket bør gjennomførast på bebuaren sitt rom. Frå 11. november har me krav om at alle besøkande må bruke munnbind. Ved eventuell smitte For å lette eventuell smittesporing førar me logg over alle besøkande. Opplysningane slettast etter ti dagar. Alle besøkande må difor gje beskjed til personalet om at de er der. Dersom du blir sjuk etter å ha vore på besøk ved eit av omsorgssentra, oppfordrar me til du gjer beskjed til avdelinga der kor besøket vart utført. Digitale besøkPårørande kan fortsatt ringe til bebuarane. Me legg til rette for digitale besøk, via for eksempel Facebook eller Skype. Ta kontakt med avdelinga for å avtale nærmare. Omsorgsbustad ved Hjelmeland omsorgssenter Me oppfordrar til å følge nasjonale råd for besøk i eigen heim. Besøkande må nytte eigne inngangar/terrassar til omsorgsbustadene. Dersom du vil bruke hovudinngongen, må dette avklarast med personalet. Dagsenter ved Hjelmeland omsorgssenter delvis ope små grupper på maks 5 personarHeimetenesterMe håpar du kan gje oss i heimetenesta beskjed på førehand dersom: du har nokon i bustaden som er smitta av covid-19 du er nærkontakt til nokon som er smitta av covid-19Ved å få denne informasjonen tidleg kan me førebu oss og følge vår smittevernprosedyre.Du kan nå oss på: tlf. 404 39 093 tlf. 404 39 092Kontaktinformasjon Hjelmeland omsorgssenter, tlf. 51 75 90 00 Årdal omsorgssenter, tlf. 51 75 98 00