Status vaksinering

Alle i riskikogruppene har no fått tilbod om vaksine, eller er ferdig med sin første dose. 

Framdrift

Samstundes prioriterer me, etter nasjonal anbefaling, skule- og barnehagetilsette. For at fyrste dose skal tre i verk før skulestart, bør du bestilla deg tid seinast 28. juli. Mange tilsette i barnehage og skule har allereie fått ein eller begge dosar, men me har altså no gitt tilgang til dei resterande i denne gruppa. 

Alt kritisk helsepersonell, som ønska det, er fullvaksinerte eller har fått første dose. 

Oversikt over risikogruppene
  1. Bebuarar i sjukeheimar og utvalgte helsepersonellgrupper 
  2. Alder 85 år og eldre og utvalgte helsepersonellgrupper 
  3. Alder 75-84 år
  4. Alder 65-74 år OG personar mellom 18-64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp (merka med * i lista under)
  5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/tilstand (sjå lista under)
  6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/tilstand
  7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/tilstand
  8. Alder 55-64 år 
  9. Alder 45-54 år 

Oversikt over tal vaksinerte i kommunen

Tabellen under blir oppdatert kvar fredag
Oversikt over antal vaksinerte i kommunen
Veke Dose 1 Dose 2
22 868 597
23 922 677
24 995 728
25 1105 758
26 1222 761
27 1287 786
28 1305 853
29 1438 856

Meir detaljert informasjon om tal og statistikk relatert til covid-19.

Kva tid er det din tur?

Du får melding når det er din tur for vaksinering. Når du får beskjeden må du gå inn på lenka i SMSen for å bestille time. 

Frå veke 23 får alle tilbod om 2. dose tolv veker etter dose 1. Du vil få ein SMS når du sjølv kan bestille time til 2. dose. 

All vaksinasjon føregår i Hjelmelandshallen onsdagar. 

Prioriteringsrekkefølge og risikogrupper

Antal vaksiner me får, fordelt på veke

Vaksiner me mottek
Veke Totalt
23 133
24 119
25 133
26 119
27 84
28 84
29 133
30 434