Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon og ønsker å bli testa ring legekontoret på tlf. 51 75 71 00. Besøk kommunen si informasjonsside om koronaviruset.
Smittevernoverlegane på Stavanger universistetssjukehus (SUS) og i 15 kommunar i Rogaland ber alle tilreisande om å vera spesielt oppmerksame på symptom i dagane etter at dei har kome fram. I Nordre Follo er det påvist eit mutert virus og mange kommunar i og rundt Oslo har iverksett strenge tiltak for å stoppe smittespredning.
Mange kommunar i sørfylket sendte i helga ut pressemeldingar med råd til tilreisande frå kommunane på austlandet som er ramma av den muterte utgåva av koronaviruset. Smittevernoverlegane ønsker å presisera og utvida anbefalingane.
Me oppmodar til testing av alle innreisande frå Storbritannia.Storbritannina har varsla WHO- og EU-landa om ein ny covid-19 variant som har spreidd seg i Søraust-England. Virusvarianten kan vera 70 prosent meir smittsam enn det opphavlege koronaviruset, men ser ikkje ut til å gje meir alvorleg sjukdom. Alle innreisande frå Storbritannia må visa negativ test på covid-19 når dei kjem til Norge og må følgja karantenereglane. I tillegg oppmodar me til å testa seg for covid-19.
Les meir om virussituasjonen på FHI sine nettsider.