Korleis søke på ein ledig stilling?

Ledige stillingar

Korleis søke på ei stilling?

Logg deg inn 

  • via ID-porten 
  • ved å bruke brukarnamn og passord

Velg stillinga du vil søke på.

Korleis opprette brukar?

Dersom det er første gang du søker på ei stilling hos oss, må du opprette ein brukarkonto (gjeld ikkje dersom du brukar ID-porten).

Dette gjer du ved å trykke på "registrer søkar" øvst til høgre. Fyll ut alle felt i skjemaet som opnar seg.

Har du gløymt brukarnamnet eller passordet?
  • Trykk på "gløymt brukarnamn/passord".
  • Skriv inn e-postadressa di og du får tilsendt nytt brukarnamn eller passord.
  • Du får tilsendt ein e-post med der du må stadfesta at du skal ha tilsendt eit nytt passord. Trykk på lenka i e-posten.
  • Lenka fører til ein nøkkel som du må verifisera. Trykk verifiser. 
  • I e-posten du mottek får du eit midlertidig passord og eit eller fleire brukarnamn. Det er viktig at du kopierer passordet og limer det direkte inn på innlogginga slik at du får med deg heile passordet. Det same gjeld brukarnamnet. Var merksam på at dersom brukarnamnet går over fleire linjer har du ulike brukarnamn og skal bare nytta eit av dei. Trykk "Logg inn". 
  • Du må så laga eit nytt passord. Lim inn det midlertidige passordet ein gong til og lag eit nytt passord som inneheld dei krava me stiller til passord. Trykk "Endre passord". 
Skal eg legge ved attestar og vitnemål?

Det er diverre ikkje mogleg å legge med attestar og vitnemål. Dei tek du med deg på eit eventuelt intervju.

Korleis søker eg på ei intern stilling?

Interne stillingar kan du søke på dersom du allereie har ei fast stilling eller eit vikariat i kommunen.

  • Du kan søke på desse stillingane gjennom intranettet, eller her på heimesida.
  • Du må logga deg på med e-postadressa di.
  • Dersom du er usikker på kva e-post som er brukt, kan du ta kontakt med lønn- og personalavdelinga. Har du ikkje passord, trykk på "gløymt passord/brukarnamn". Du får tilsendt eit eingangspassord, hugs å endre dette til eit passord du hugsar når du har komt deg inn.