Rekrutteringstiltak og ordning for støtte til vidareutdanning

Me tilbyr varierte økonomiske ordningar og tiltak for rekruttering av personar til spesielle yrke, slik som sjukepleiarar, undervisningspersonell og ingeniørar, jf. KST-sak 010/10. Det er og muleg for tilsette å søke om støtte til etter-/vidareutdanning.

Oversikt over ordningane/tiltaka:

Rekrutteringstiltak/støtte til vidareutdanning

1. Redusert husleige i kommunal bustad

Redusert husleige for alle nytilsette som ordninga gjeld for, dei to fyrste åra etter tilsetting.

  • 50% reduksjon i leiga fyrste året
  • 25% reduksjon andre året

Gjeld per husstand for leige av kommunal bustad eller tilsvarande som kommunen rår over, ved busetting i Hjelmeland.

Går ein til anskaffing av eigen bustad, så fell tilskotet bort.

2. Etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

Etableringspakke på kr 25.000,- forutsett busetting i Hjelmeland for nyutdanna og nytilsette mot binding for 2 års aktiv teneste. Ved eventuell avslutning av arbeidstilhøvet før dei 2 åra er gått, lyt ein forholdsmessig del av etableringspakka betalast tilbake, ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.

3. Konkurransedyktig løn

Konkurransedyktig løn samanlikna med alle andre kommunar i Rogaland.

Lønsnivå i dei enkelte stillingane skal fastsetjast ved tilsetjing, ved ordinære, lokale forhandlingar og årleg lønsregulering i samsvar med Hovudtariffavtalen på KS-området, kapittel 3, 4 og 5, samt etter særskilte forhandlingar i samsvar med Hovudtariffavtalen kapittel 4.2.2 og 5.3.

4. Stipend, under utdanning

Stipend kr 20.000,- pr år for nest siste og siste utdanningsår mot binding for 2 års aktiv teneste.

Ved eventuell avslutning av arbeidstilhøvet før dei 2 åra er gått, lyt ein forholdsmessig del av stipendet betalast tilbake, ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.

Ordninga gjeld og for sjukepleiarstudentar som ikkje nyttar ordninga i punkt 8.

5. Stipend for etter- og vidareutdanning

Stipend inntil kr 10 000,- pr semester for etter- og vidareutdanning. Dette skal vær ei ordning for tilsette som ynskjer utdanning som ledd i ei personleg utvikling, både i eksisterande stilling og kvalifisering til anna stilling i kommuneorganisasjonen. Bindingstid vert satt frå 0,5 til 2 år. Ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.

6. Fullmakt

Rådmannen får fullmakt til å nytta desse tiltaka også i andre samanhengar når situasjonen krev det. Slike saker vert referert for formannskapet fortløpande.

7. Stipendordning lærarstudentar (FPU-sak 014/18)

Stipend inntil kr 15 000,- per semester for lærarstudentar som har fullført fyste årsstudium, mot at dei bind seg til å arbeida for kommunen i minst to år etter ferdig utdanning.

Ved eventuell avslutning av arbeidstilhøvet før dei 2 åra er gått, lyt ein forholdsmessig del av stipendet betalast tilbake, ved permisjon utan løn vert bindingstida forlenga tilsvarande.

8. Stipendordning sjukepleiarstudentar (FSK-sak 063/18)

Hjelmeland kommune innfører ei stipendordning for sjukepleiarstudentar mot at dei bind seg til å arbeida for kommunen i minst eitt år. Ordninga inneber arbeid kvar tredje helg, samt minimum 6 veker i sommarferien. Arbeidet vil gje ei månadleg lønskompensasjon på kr. 4 000,-, totalt kr. 48 000,- pr. år.

 

9. Lønstillegg sjukepleiarar (FSK-sak 063/18)

Hjelmeland kommune gir sjukepleiarar kr 20 000,- brutto pr år i 100% stilling dette kjem i tillegg til HTA kap 4 – garantiløn.Tillegget forutsetter at ein er tilsett i stilling som sjukepleiar.

Lenkje til søknadsskjema
Malin Nordbø
Einingsleiar lønn og personal
E-post
Telefon 404 39 017