Digital postkasse

Digital postkasse - Klikk for stort bileteDigital postkasse No kan du ta i mot post frå Hjelmeland kommune i din digitale postkasse.
Les meir om korleis du oppretter digital postkasse frå Digipost eller e-Boks på www.norge.no
 

Ein stad for digital post frå det offentlege

Skaffar du deg digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks vil du sjå at stadig fleire offentlege verksemder vil sende post der. Då treng du berre å halde deg til éin felles digital postkasse frå det offentlege. Dessutan får du posten din raskare fordi du slepp å vente på postgangen, posten blir lagra på ein og same stad og me sparar miljøet.

 

Ditt trygge arkiv

Vanleg e-post er ikkje ein sikker måte å sende meldingar på. Det er trygt og enkelt å ta i mot post digitalt frå det offentlege når du har digital postkasse frå Digipost eller e-Boks. Du brukar ID-porten til innlogging for å lese din digitale post, og brev i postkassa kan lagrast der så lenge du ønskjer.

 

Velg digital postkasse på norge.no

Du kan velje mellom to postkassar – Digipost eller e-Boks. På same måte som du kan velje mellom ulike bankar og forsikringsselskap skal du enkelt kunne velje den postkassa som passar best for deg. Når du tar i mot digital post frå Hjelmeland kommune vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du alltid når du har teke i mot noko. Les meir om korleis du opprettar din digitale postkasse hjå e-Boks eller Digipost på www.norge.no

 

Gradvis overgang til digital kommunikasjon

I tida som kjem vil du kunne få post på papir frå det offentlege sjølv om du har oppretta ein digital postkasse. Det er fordi det vil ta litt tid før alle offentlege verksemder har teke i bruk digital postkasse for alle tenestene sine.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500

Se også