Kommuneplan for Hjelmeland 2018-2030: Høyring

Visjon - Klikk for stort bileteVisjon KAP Arkitekter Fristen for å kome med merknader er nå ute.  Alle merknader blir nå gjennomgått og vil bli lagt fram for ny politisk behandling.


Det er pr 24 .april  kome over 40 merknadskriv til planforslaget, og meir kjem.  Nokre overordna planmyndigheiter har etter avtale fått utsett frist til 15.mai, så deira uttalar må ein vente litt på.  Når alt er mottatt vil alle merknader bli gjennomgått og  lagt fram i ny sak til formannskap og kommunestyret. Ein tek sikte på at ny politisk behandling blir før sommaren. Følg med for info. 

Info om planforslaget:
Hjelmeland kommunestyre vedtok i møte 30. januar 2018 utkast til ny kommuneplan for Hjelmeland 2018-2030, og å leggja denne ut til høyring. Planen består av ein ny samfunnsdel og ein revidert arealdel.

På grunn av pågåande prosjekt med tettstadsutvikling i Hjelmeland sentrum, er den delen som gjeld sentrum, og nærliggande område, sett på vent, og vil bli ferdigstilt på eit seinare tidspunkt.
 

Høyringsperiode og folkemøte

Høyringsperioden vert 21. februar til 22. april 2018. Frist for å koma med innspel var altså 22.04.2018.
Det var eit felles folkemøte om planen 13.mars 2018 i Spinneriet i Hjelmelandsvågen. Denne veka var det informasjonsmøte i regi av bygdarådet på Fister og bygdeutvalet i Jøsenfjorden.
 

Om visjon og hovudmål

Kommunestyret ønskjer å halda fast på visjonen "Hjelmeland Naturlegvis", og har formulert eit nytt hovudmål; "Jobb og attraktivitet: Leggja til rette for vekst i folketalet gjennom satsing på arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn". Hovudmålet er nedfelt i tre satsningsområde, og samfunnsdelen er hovudsakleg bygd opp kring desse tre satsingsområda.
 

Dokumentpakken:

0. Protokoll frå kommunestyret

1. Sjølve planen (Planskildring, samfunnsdel, arealdel og plankart)

2. Tilleggsdokument

3. Bakgrunnsdokument

4. Alle innspel

NB! Det kan ta litt tid å opne plankart-filene, pga høg oppløysing. For å få best resultat må ein zoome opp til 100%. Me anbefalar ikkje å opne dei i Google Chrome, men å nytte ein annan nettlesar.


Høyringsuttalar

Høyringsuttale kan sendast her,

eventuelt per post til: Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland, eller på e-post til postmottak@hjelmeland.kommune.no

Frist for høyringsuttalar er 22.04.2018

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51 75 00 00

Faks
: 51 75 70 70
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 08.00 - 15.30