Revisjon av kommuneplanen - Vedtatt planprogram og invitasjon til å kome med innspel

Kommuneplan - Klikk for stort bileteKommuneplan Hjelmeland kommunestyre vedtok i sak 44/17

 

 

Planprogrammet er ein slags "plan for planen" og gir føringar for kva kommuneplanen skal handle om, korleis me skal lage planen ift medverknad og framdrift.

I planprogrammet er det vedtatt følgjande:  hovudmål og satsingsområde (PDF, 296 kB)

Ein kan sende inn innspel til kommuneplanen med frist 21.september 2017.


Innspel til samfunnsdelen og generelle innspel til arealdelen:
sendast til postmottak@hjelmeland.kommune.no eller Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland.
Kan sendast når som helst, men i slutten av juli vil det òg kome digitalt skjema til dette bruk

Innspel til arealdelen som er konkrete og stadfesta:
Alle som vil sende konkrete innspel til arealdelen om td utbygging må særleg gjera seg kjent med føringane for arealdelen (PDF, 191 kB). Desse føringane vil bli brukt når innspela skal vurderast.

Slike konkrete innspel bør ein avvente til slutten av juli med å sende inn; då det blir tilrettelagd med enklare digitale skjema til dette bruk.

Det er dessutan større formkrav til slike innspel; td krav om:
Stadfesting på kart (PDF, 210 kB)
ROS-analyse  (PDF, 294 kB) 
Konseptskildring   (PDF, 202 kB)


OPNE MØTER OG MEDVERKNAD:
I tråd med kap 7 i programmet vil ein i september gjennomføra grendevise opne  møter. Bygdaråda i kommunen er kontakta. Følg med på eigen kunngjering av desse møta

 
KONTAKTINFO
Har du spørsmål om kommuneplanen kan du kontakte Plan-og forvaltningsavdelinga i kommunen via vårt sentralbord 51 75 70 00
- plan-og forvaltningsleiar Haldis K Nilsen
- rådgjevar arealplan Svanhild Hjorteland Gbada

og/eller Rådmann Wictor Juul
 
 

 

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500