Takk for god debatt og mange innspel

grendemøte Ombo - Klikk for stort biletegrendemøte Ombo Haldis K Nilsen Nå er tida komen for å bearbeide innspela og lage eit forslag til kommuneplan !

Tusen takk til alle som har deltatt på opne grendemøter om kommuneplanen!!
Kommunen har vore på besøk i alle grender: Vormedalen, Jøsneset, Årdal, Jøsenfjorden, Randøy, Fister, Hjelmeland og Ombo + eit møte med flyktningane.  Til saman har mellom 150-200 stk deltatt.  Og konklusjonen er at Hjelmeland har gode, engasjerte folk i alle bygder - eit godt utgangspunkt for ei god samfunnsutvikling !


 

Nå er kommuneplanarbeidet inne i ein ny fase:

Innspela blir nå sortert og vurdert av arbeidsgruppa i administrasjonen:

Konkrete innspel til arealdelen:
desse er sendt inn skriftleg både frå private grunneigarar og næringsverksemder. Det er denne typen innspel det er mest arbeid med, og desse blir nå vurdert opp mot mange andre omsyn og opp mot dei føringane som kommunestyret har vedteke i planprogrammet. Arealdelen har ein heilt anna juridis

Innspela frå folkemøta:
Desse er av meir samfunnsmessig karakter. Nokre av innspela kan kanskje kanaliserast vidare til rette etatar i kommunen, og/eller andre til andre eksterne myndigheiter, medan andre ting kan løftast opp og prioriterast i planforslaget. Det kan òg hende at nokre av ideane er ting som bygdelaga og frivillige kan dra vidare i eigen regi?  I samarbeid med kommunen og andre ?

Felles er: ingen av innspela blir besvart personleg. Difor er det viktig å følgje med når forslag til plan er ferdig utarbeidd - sannsynlegvis i slutten av november.

Fristen for å kome med innspel var 21.september. Dei skriftlege innspela er blitt fortløpande postført og blir etterkvart å finne her: Oversikt over innspel

Me minner om ope møte om frivillighetspolitikk Spinneriet 4.oktober.
Invitasjon er sendt ut til alle bygdaråd, frivillige lag og organisasjonar. Der vil me jobba vidare og meir konkret med korleis frivillige, kommunen og næringslivet kan jobba betre saman framover !

Det blir òg parallelt nå framover jobba vidare med barnetråkk
Det er eit opplegg som enkelte skuleklassar får bli med på, der elevane brukar digitale kart for å kartlegge kva dei syns om sitt nærmiljø som td skulevegen, leikeområde, viktige funksjonar for barn/unge og forbetringstiltak.

Sentrumsutviklingsprosjektet Vågen 360 for tettstaden Hjelmeland er òg eit arbeid som heng saman med og går parallelt med kommuneplanen. Det er uarbeidd statusrapport Vågen 360 (PDF, 9 MB)som er oppsummeringar frå medverknadsprosessen vår/sommar 2017 - samt råd og strategiar for vidare arbeid med sentrumsutvikling.  Snarleg vil tre arkitektkontor bli invitert til å utarbeide ei moglegheitstudie for tettstaden Hjelmeland som konkret oppfølging av arbeidet hittil.

Nye ferjekaiar Sande og Nesvik: parallelt med sentrumsutvikling og kommuneplanlegging pågår det òg nytenking ift hydrogenelektrisk ferjedrift i Jøsenfjordsambandet. Statens Vegvesen jobbar med utviding og ny utforming av ferjekaiane på Sande og Nesvik, og kommunen vil sannsynlegvis følgje opp ift sentrumsutviklinga.  Her blir det innkalla til eigne informasjonsmøter i oktober.

Så her er masse spanande å følgje med på kva gjeld samfunnsutvikling Hjelmeland framover.

Vidare prosess kommuneplanen:

Håpet er å ha klart eit forslag til ny kommuneplan i månadskiftet november/desember 2017.
Dette blir kunngjort og lagt ut på nettsida her, samtidig som planforslaget blir lagt fram for formannskapet og kommunestyret.   Det er kommunestyret som legg forslaget ut til høyring, og kan vedta endringar ift forslaget.  Planforslaget bli lagt ut til offentleg høyring - der alle igjen kan kome med synspunkt og merknader !  Dette skjer sannsynlegvis utpå nyåret 2018.

KONTAKTINFO
Har du spørsmål om kommuneplanen kan du kontakte:
Plan-og forvaltningsavdelinga i kommunen via vårt sentralbord 51 75 00 00
- plan-og forvaltningsleiar Haldis K Nilsen
- rådgjevar arealplan Svanhild Hjorteland Gbada


og/eller Rådmann Wictor Juul

 

Plan- og forvaltning.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500