Tid for å kome med innspel til kommuneplanen

Sande 1 - Klikk for stort bileteSande 1 Kari Dolmen Aarhus


Frist for å sende inn innspel til kommuneplanen er 21.september 2017.

 


 

 

Hjelmeland kommunestyre har vedtatt eit  Planprogram for revisjon av kommuneplanen i Hjelmeland (PDF, 3 MB).  Planprogrammet er ein slags "plan for planen" og gir føringar for kva kommuneplanen skal handle om og korleis me skal lage den.

I planprogrammet er det vedtatt følgjande:
 hovudmål og satsingsområde (PDF, 296 kB)

Det er veldig greitt å setje seg litt inn i planprogrammet før ein sender inn innspel, slik at de veit litt om kva satsingar og føringar som ligg til grunn og blir vektlagd.

Skjema for innsending av innspel 
Kommunen har laga eit elektronisk skjema for innsending av innspel
Dette kan brukast både til innspel til  samfunnsdelen og til arealdelen av planen.

Men innspela kan òg sendast på epost til postmottak@hjelmeland.kommune.no, eller ordinær post: Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland.


Innspel til arealdelen som er konkrete og stadfesta:
Alle som vil sende konkrete innspel til arealdelen om td utbygging må særleg gjera seg kjent med føringane for arealdelen (PDF, 191 kB). Desse føringane vil bli brukt når innspela skal vurderast.

Det er dessutan større formkrav til slike innspel; td krav om:

Stadfesting på kart (PDF, 210 kB)
ROS-analyse - informasjon  (PDF, 294 kB) 
ROS-analyse sjekkliste (DOC, 84 kB)
Konseptskildring   (PDF, 202 kB)

Innkomne innspel
Mottekne innspel blir fortløpande postført og ligg i kommunen si postliste.
Innkomne innspel kan du òg sjå her i oversikten
Innspela blir ikkje besvart personleg - men blir behandla og vurdert i planprosesse. Det vil framgå av planforslaget om innspelet blir tatt til følgje eller ikkje. Så følg med på prosessen når planforslaget blir lagt fram for politisk behandling - sannsynlegvis i november/desember 2017.


OPNE MØTER OG MEDVERKNAD:
I tråd med kap 7 i programmet gjennomfører ein grendevise opne  folkemøter. Bygdaråda i kommunen er kontakta. Sjå eigen kunngjering av desse møta

 
KONTAKTINFO
Har du spørsmål om kommuneplanen eller treng informasjon ift innspel kan du kontakte
Plan-og forvaltningsavdelinga i kommunen via vårt sentralbord 51 75 00 00
- plan-og forvaltningsleiar Haldis K Nilsen
- rådgjevar arealplan Svanhild Hjorteland Gbada

og/eller Rådmann Wictor Juul
 
 
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500