Men prosjektet, kombinert med doble ferjekaiar på begge sider av fjorden, vil òg føra med seg arealmessige utfordringar ved ferjeleia. Vegvesenet har varsla at dei vil i gong med reguleringsarbeid, og det er avtalt møte mellom vegvesen og kommune om dette i midten av august. Ordførar og rådmann kjem til å bli med på dette møtet. Sjølve varsel om oppstart – som vil gå til alle som har eigedom innafor det som vert valt som reguleringsområde – vil koma seinare.
For kommunen er det viktig at det komande reguleringsarbeidet legg til rette for best mogleg samla løysingar. Stikkord her er tilrettelegging for forretningsdrift og service, for alle typar reisande inkludert mjuke trafikantar, og ei god integrering med det rundt; friluftsområde, sentrum, parkering, torg mv. Det er inga lett oppgåve.
Tidlegare i sommar presenterte Vegvesenet to skisser - såkalla mulegheit-studier - som viser litt om dimensjonane ift doble ferjekaiar:
ferjekai_mulighetstudie_nesvik
Førebels skisse: Statens Vegvesen
ferjekai_mulighetstudie_hjelmeland
Førebels skisse Statens Vegvesen
Vegvesenet presiserer at dette er førebels, og kan endrast undervegs i prosjektet.
Førebels kontaktperson for planarbeidet hjå Statens vegvesen er
Åsne Nord-Varhaug.
I kommunen er det plan og forvaltningssjef Haldis Karine Nilsen.
Kommunen vil vite langt meir om dette prosjektet etter det avtalte møtet med Vegvesenet i august, og reguleringsplanprosessen vil skje gjennom ein open prosess med moglegheit for medverknad.
Plan-og forvaltning