Framtidsbilde for Hjelmeland sentrum

Klikk for stort bilete Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Dei to arkitektkontora MAD og KAP presenterte sine framtidsbilde for Hjelmeland sentrum i eit fullsett folkemøte denne veka.

Hjelmeland er eitt av fire pilotprosjekt for tettstadsutvikling i Rogaland, og Rogaland Fylkeskommune er inne i prosjektet med både fagleg og økonomisk støtte.  Prosjektet handlar om korleis små tettstadar i distrikta kan gjerast meir attraktive.

Her er finn du presentasjonene til arkitektkontora:

Arkitektkontoret MAD sine framtidsbilde for Hjelmeland - i eitt langt perspektiv

Arkitektontoret KAP sine framtidsbilde for Hjelmeland - i eitt litt kortare perspektiv

 

Dei to arkitektkontora har jobba uavhengig, men òg i samarbeid. Dei har ulike tilnærmingar, men òg ein del klare, felles råd til vidare planlegging.  Stoffet som er presentert blir nå sett på som innspel til det pågåande arbeidet med sentrumsdelen i kommuneplanen.

Som grunnlag for sitt arbeid har arkitektane mellom anna hatt den sosiokulturelle analysa utarbeidd av LEVA URBAN DESIGN (PDF, 9 MB), som bygger på brei medverknad frå innbyggjerane og spørjeundersøkingar på kva folk i Hjelmeland ønskjer seg for sentrum.

 

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51 75 00 00

Faks
: 51 75 70 70
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 10.00 - 15.30