Hundehald og trygg skuleveg

I samband med Barnetråkk – registreringar blant elevar på skulane i Hjelmeland, kjem det fram at det fleire barn som er redde for å møte lause hundar på skulevegen.
 

Dette svarar elevar på fleire av skulane i kommunen. Hjelmeland kommune ønskjer at borna skal oppleva at skulevegen er trygg, og dei skal ikkje måtta grua seg for å gå til skulen fordi dei kan treffe lause hundar på vegen.

Difor oppfordrar kommunen alle som har hund til å følgje regelverket i forhold til hundehald. Då er det Hundelova og Lokal forskrift om hundehald i Hjelmeland som gjeld.

Viktigaste i denne samanheng er §4 i Hundelova, som har regler om sikring av hund, og vilkår for å la hund vera laus.

I den lokale forskrifta er det særleg § 3, pkt. 2 som er viktig i denne samanhengen.


Lov og forskrift kan du finna i lenka nedanfor:
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2003-07-04-74?q=hundelova

https://lovdata.no/dokument/JB/forskrift/2013-12-18-1732

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51 75 00 00

Faks
: 51 75 70 70
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 08.00 - 15.30