Invitasjon til grendevise møter - Kommuneplanen

DSC03941 - Klikk for stort bileteDSC03941 Svanhild Hjorteland Gbada Alle bygdaråda i kommunen legg positivt til rette for opne grendemøter om kommuneplanen nå i starten på september. Velkommen til møter på følgjande stader:

Måndag 04.09.kl 19.30    Jøsneset skule/Trivselstova
Måndag
04.09 kl 19.30    Vormedalen skule
Tysdag 
05.09 kl 19.30    Årdal skule
Onsdag 
06.09 kl 19.30    Jøsenfjorden, Fjordahuset
Torsdag 07.09 kl 19.30    Fister skule
Torsdag
07.09 kl 19.30      Randøy skule
Tysdag 19.09 kl0
19.00       Eidssund, Ombo (NB! Nytt tidspunkt)
Torsdag
14.09 kl 19.30       Hjelmeland, Kommunehuset

Det er administrasjonen i kommunen som står for møtene, og ulike personar frå porsjektgruppa møter på ulike stader. Våre folkevalde politikarar er òg invitert til å møte.

Me oppmodar bygdefolket til å engasjere seg i samfunnsutviklinga i kommunen, så møt opp!  

 

Hovudmålet for planarbeidet er JOBB OG ATTRAKTIVITET !
Korleis kan me SAMAN leggje til rette for vekst i folketalet gjennom satsing på arbeidsplasser og attraktive lokalsamfunn? 

Dette og mykje til ønskjer me å drøfte med dykk!  Me håpar på god debatt og mange konstruktive innspel

 

Hjelmeland kommune har òg stand på Frukt og Laksefestivalen laurdag 2.september - stikk gjerne innom for meir info om kommuneplanen - og hjelp til korleis du fremjer innspel !

 

Meir info om kva planen skal handle om finn de i planprogrammet

Meir info om planprosessen.

 

Plan-og forvaltning

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500