No kan du søkje om Fritidskortet

skaterboard - Klikk for stort bilete Fritidskortet gir gratis inngang på kommunens

arrangement, familiebading, gratis medlemskap i

Hjelmeland Ungdomsteater, Grøssartur og Frukt– og Laksfestivalen.

 


Fritidskortet er for barn/unge mellom 0 og 18 år som av ulike grunnar ikkje har høve til å nytte seg av fritidsaktivitetar. Gjennom denne ordninga håpar ein på auka deltaking i aktivitetar på fritida.

Kortet gjeld frå 1. juli 2017 - 1. juli 2018, er personleg, og kan ikkje nyttast av andre enn den registrerte eigaren.

Henvend deg til NAV Hjelmeland for å søke om Fritidskortet.

NAV finn du i 1 etg. på Helsehuset. Tlf: 55 55 33 33


Fritidskortet er eit samarbeid mellom Hjelmeland kommune, NAV Hjelmeland, Hjelmeland ungdomsteater, Hjelmeland Røde Kors, Årdal bygdaråd, Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag og Fister Sanitetsforening.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500