Seminar for næringslivet i samband med revisjon av kommuneplanen

Hjelmeland kommune jobbar med revisjon av kommuneplanen . Planprogrammet er no på høyring. Det er lagt opp til at næringsutvikling skal vera eit av satsingsområda. I den samanheng ynskjer kommunen næringslivet i tale, og inviterer til seminar på Spahotel Velvære 26.4. 17 kl 11-15.30.



Seminaret er i samarbeid med Næringsforeningen for Stavangerregionen og Hjelmeland handels og serviceforening. Me vonar at seminaret også kan vera starten på arbeidet med ein strategisk næringsplan for kommunen.
 

PROGRAM SEMINAR NÆRINGSLIV 26.4.17
11.00  Enkel lunsj
11.30  Opning v/ordførar
11.40  «Næringsliv for framtida – i Hjelmeland». Ved Espen Thompson, INOSA. Stikkord: Samhandling, rammevilkår, kommunen si rolle, satsingsområde mm
12.20  Kommuneplanarbeidet i Hjelmeland så langt; planprogram, utkast til satsingsområde v/kommunen
12.45 Pause
12.55  Lokale ytringar frå næringslivet a 5-10minutt
13.40  Bransjevise arbeidsgrupper  - jobbing med konkrete spørsmålsstillingar til seinare bruk i kommuneplanarbeidet.  Handel/service/reiseliv – handtverk/entrepenør – sand/grus  - havbruk – landbruk -
14.30  Pause
14.40  Oppsummering arbeidsgrupper
15:00  Vågen 360 – sentrumsutvikling i Hjelmeland . presentasjon av Prosjekt
15.20  Oppsummering v/ordførar
15.30 Slutt
 
Påmelding til kundesenter (postmottak@hjelmeland.kommune.no) innan 24.4.17. Seminaret er gratis
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500