Ugras

Me vil berre minna om at de både for eigen del og for naboen sin del, bør ta kampen mot ugraset. Ikkje minst pga fôrkvalitet og fôrmengde.

Potethakke - Klikk for stort biletePotethakke Nå når ein del ekrer og beite er beita godt ned med sauer, ser ein tydeleg rosett mm av tistel. Denne er lett å finne no når graset ikkje skjuler den. Denne er grei å ta mekanisk med ei eller anna form for hakke. Norsk Landbruksrådgiving har skrive om tilpassa utstyr til dette arbeidet fleire gonger. Dei skriv om : Fiskars si potethakke (artikkelnummer 99604) kan enkelt skjærast som på biletet slik at ho er veleigna til hakking av tistlar.

Elles observerer me at det stadig blir meir høymole i ein del ekrer. Her er det lett å kome inn i ein ond sirkel. Ein får ikkje has på høymolene eine året, haustar alt, får frø i fôret, og vidare i skiten og deretter utover alle ekrer!

Norsk Landbruksrådgiving skriv og om «rotlausveka»: Gamle høymoleplanter har fram til starten/midten av juni brukt energi på å lage frøstenglar, opplagsnæringa i rota er då på det lågaste, og høymola på det lettaste å luke. Med fuktig jord slepp røtene endå lettare. Det skulle vere fuktig nok no til å ta ein «rassia», mens ein ventar på slåttever.

Det er ikkje rett å gi produksjonstilskot til jordbruksjord der ein dyrkar meir ugras enn grovfôr. Ver difor gild å ta kampen mot ugraset, elles har du ikkje rett til areal- og kulturlandskapstilskot til arealet.

Her er heldigvis mange som tek kampen på alvor, og er meir ajour og har både gode beite og ekrer. De skal ha skryt for godt arbeid!

Mvh

Landbruksforvaltninga i Hjelmeland kommune

Anne Kari Skogerbø og Torborg Kleppa

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500