Yrande aktivitet under "Kuppet" av kommunehuset

Idemyldiring på "kuppet" 1 - Klikk for stort bileteIdemyldiring på "kuppet" 1 Svanhild Hjorteland Gbada Takk til alle engasjerte og kreative innbyggjarar som deltok på idè-myldringa tysdag 8.mai på Kommunehuset. Under leiing av konsulentane i LEVA URBAN DESIGN blei deltakarane trigga både på konkrete/små strakstiltak og på lange/visjonære draumar om sentrumsutviklinga. Dette er prosjekt "Vågen 360" -  og NÅ er me i gong !!   Hjelmeland sentrum er vald ut som eit pilot-prosjekt, og innbyggjarane bobla av innspel til dette arbeidet!

Noko kan, og skal, me få i gang relativt raskt og konkret. Mens andre ting krev meir tid og modning.

Alle idèar som kom fram i går kveld blei filma: kvar gruppe valde sin "ordførar" som fekk gå inn på ordførarkontoret, ta på "ordførarkjedet" og presentere sin "salgstale" på ca 1 minutt framfor filmkamera. Filmsnuttane er nå under redigering, og vil bli vist til dykk alle om ikkje lenge.  Det er òg masse data og innspel som nå blir sortert og systematisert nærare av LEVA-konsulentane, og som blir fulgt opp og bearbeida etterkvart utover i prosessen.

Noko konkret skal gjerast om ikkje lenge - og det er avsett midlar til eit konkret sentrumstiltak. Så nå blir det spanande å sjå kva for idè som blir vald ut og som får midlar.


Kva meiner DU om Hjelmeland sentrum ?

Medan me ventar på oppsummering og film, kan de alle, òg alle de som ikkje deltok på "Kuppet"  få bli med på ei spørjeundersøking om korleis de opplever sentrum og kva du ønskjer deg av Hjelmeland sentrum.

Undersøkinga tar kun få minutt, og er berre eit klikk unna: GÅ TIL SENTRUMS-UNDERSØKINGA

Hjarteleg takk til alle som deltar i å utvikle Hjelmelandsamfunnet til ein levande og aktiv stad !

Meir om Vågen360-prosjektet  og kommuplanarbeidet finn du på Facebooksida HJELMLAND NATURLEGVIS. Her blir det lagt ut nyhender undervegs i prosessen, og du kan kome med dine synspunkt.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland
E-post : postmottak@hjelmeland.kommune.no
Telefon
: 51750000

Faks
: 51757070
Org.nr.
: 864979092
Opningstid
: 0830 - 1500